Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Dette søket viser alle nyheter som redaksjonen har merket med nøkkelordet Volda Kommune. Ønsker du å utføre et fritekstsøk for nyheter som inneholder dette ordet kan du bruke den ordinære søkefunksjonen.
Publisert: 19.11.2020 kl 16:20 - Oppdatert: 19.11.2020 kl 21:36
Denne veka har tre personar testa positivt på koronasmitte i Volda. Smittekjelda til den eine personen er framleis uviss, og ordførar Sølvi Dimmen oppmodar alle som har symptom på luftvegsinfeksjon om å teste seg. – Test deg sjølv om det berre kjennes som ei lett forkjøling.
Publisert: 19.11.2020 kl 16:00
Slik skildrar Arild Iversen (KrF) kommuneadministrasjonen sitt råd om å overkøyre foreldra i Høydal og Fyrde sine ønskje og heller sende alle elevane i Austefjorden til Hornindal skule.
Publisert: 19.11.2020 kl 15:12
Torsdag ettermiddag melder Volda kommune at helseappen til Helsenorge.no ikkje fungerer, og at dei som ventar på svar på koronaprøver vil få resultata sendt på SMS frå kommunen.
Publisert: 19.11.2020 kl 11:00
Formannskapet vil løyve midlar til vidare arbeid med brukryssingar av Voldsfjorden og Dalsfjorden i 2020, men framtidige løyvingar vil vere avhengige av at bruselskapet Voldsfjordkryssing AS får avklaringar om ferjeavløysingsmidlar.
Publisert: 19.11.2020 kl 10:40 - Oppdatert: 19.11.2020 kl 15:05
Volda kommune melde torsdag formiddag at både sentralbordet og koronatelefonen er ute av drift grunna tekniske problem. No skal tenesta vere tilgjengeleg igjen.
Publisert: 18.11.2020 kl 10:28
Ein person som er heimehøyrande i Volda er koronasmitta etter kontakt med ein person i Stad kommune som nyleg har vore på reise til Bergen.
Publisert: 18.11.2020 kl 09:27
Volda kommune fekk i går kveld melding om to nye positive koronaprøver. Den eine har så langt ukjend smittekjelde.
Publisert: 17.11.2020 kl 17:50 - Oppdatert: 17.11.2020 kl 17:54
Volda kommune melder at det er stadfesta ny koronasmitte i Volda. Ein person har testa positivt etter reise i raudt land.
Publisert: 16.11.2020 kl 13:00
Selskapet Lokalbrygg AS har søkt kommunen om løyve til å drive nettsal av alkoholhaldig drikk i Volda. Men tenesteutvalet for oppvekst og kultur seier nei.
Publisert: 15.11.2020 kl 14:00
Under handsaming av marknadar til arealplanen, kom formannskapet inn på ein debatt om bustadbygging i Volda sentrum. Der var fleire skeptiske til det store fokuset på fortetting og bygging i høgda. – Slike utbyggingar er konfliktfylte, og eg er uroa dersom vi ikkje har andre alternativ for å...
Publisert: 15.11.2020 kl 11:00
Honndøler frå fjern og nær har skrive under på ein kampanje for å berge kjøkkenet ved Hornindal omsorgssenter. Kjøkkenet er forslått nedlagt i budsjettframlegget frå Volda kommune.
Publisert: 14.11.2020 kl 14:00
Tenesteutvalet for oppvekst og kultur vil behalde barnehagen i Austefjord. Dei ber administrasjonen sjå om den kan drivast som ei avdeling under Hornindal barnehage, eller få kopla på ei SFO-ordning for skuleelevane som no kan få Hornindal som skulestad.
Publisert: 12.11.2020 kl 14:18
Tenesteutvalet for oppvekst og kultur (TOK) i Volda kommune vil sende alle elevane i Austefjorden til Hornindal skule når skulen deira vert nedlagt. Men dei føreset at det vert ei betring av SFO-tilbodet til elevane.
Publisert: 12.11.2020 kl 14:00
Grunneigaren på Grodås som meiner hagen er øydelagt etter flaumsikringa av Vikaelva, går no til sak mot kommunen. Varaordførar i Volda kommune, Sverre Leivdal (Ap), er ein av naboane til eigedomen, og vert kalla inn som vitne.
Publisert: 11.11.2020 kl 12:47
Volda kommune har sendt bygginga av ny brannstasjon på Grodås ut på anbod.
Publisert: 11.11.2020 kl 09:31
Ørsta kommune melder at det er registrert eit nytt tilfelle av koronasmitte. Smitten er spora attende til smitteutbrotet i Volda.
Publisert: 10.11.2020 kl 10:56
Stortinget har vedteke å gi ekstraordinære midlar til næringshageprogrammet, og Sunnmøre Kulturnæringshage i Volda får tildelt kr. 510.000 av støttemidlane. – Det medfører at vi kan auke rådgjevingsaktiviteten for bedriftene som deltek i næringshagen sitt program, seier dagleg leiar i...
Publisert: 09.11.2020 kl 13:00
Volda Utvikling AS inviterer moglege partnarar, investorar og framtidige leigetakarar til samtalar for å realisere Norsk Innovasjonssenter.
Publisert: 09.11.2020 kl 10:33
Ørsta kommune melder at det er registrert eit nytt tilfelle av koronasmitte. Den smitta er ein utanlandsk arbeidar, som har sitte i karantene sidan han kom til landet.
Publisert: 05.11.2020 kl 14:12 - Oppdatert: 05.11.2020 kl 16:02
- God økonomistyring, omprioritering av ressursar og betre statsbudsjett enn venta gir handlingsrom i Volda kommune. Det seier kommunedirektør Rune Sjurgard når han legg fram sitt forslag til kommunebudsjett og økonomiplan.
Publisert: 05.11.2020 kl 13:29
Volda kommune melder at vegarbeidet på E39 ved Klippa er ferdig, og at entreprenør er i ferd med opprydding på staden.
Publisert: 05.11.2020 kl 12:03
Torsdag formiddag melder Volda kommune at det har kome to nye positive prøveresultat. Begge er tilknytt pågåande utbrot og har difor vore i karantene.
Publisert: 05.11.2020 kl 11:00
Volda-ordførar Sølvi Dimmen hadde fått taletid under domstolshøyringa i justiskomiteen onsdag. Der peika ho på at Søre Sunnmøre er eit potensielt utstillingsvindauge for vekst i Distrikts-Noreg. – Men då må trygge og stabile kompetansearbeidsplassar bli verande her.
Publisert: 04.11.2020 kl 11:12
Domstoladministrasjonen har skrive ny leigekontrakt for sorenskrivargarden med Statsbygg, som i utgangspunktet tyder nye fem år med rettslokale i Volda sentrum. Men sorenskrivar i Søre Sunnmøre tingrett, Elisabeth Wiik, er likevel skeptisk.
Publisert: 04.11.2020 kl 10:03
Stortingsrepresentant og 2. nestleiar i justiskomiteen, Peter Frølich (H), meiner det blir skapt eit feil inntrykk av regjeringa sitt forslag til domstolsstruktur når det blir sagt at distrikta kjem til å miste dei lokale domstolane sine. - Det skal vere like mykje verksemd på alle rettsstadar...