Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Dette søket viser alle nyheter som redaksjonen har merket med nøkkelordet Volda Kommune. Ønsker du å utføre et fritekstsøk for nyheter som inneholder dette ordet kan du bruke den ordinære søkefunksjonen.
Publisert: 03.11.2020 kl 16:29
Ordførarane på Søre Sunnmøre stiller seg bak tingretten i Volda i kampen om å overleve som sjølvstendig domstol.
Publisert: 03.11.2020 kl 11:25 - Oppdatert: 03.11.2020 kl 11:27
Volda kommune melder at det er registrert eit nytt smittetilfelle i Volda.
Publisert: 02.11.2020 kl 12:50 - Oppdatert: 02.11.2020 kl 12:58
Totalt er det 8 som er konstatert smitta etter koronautbrotet i Volda førre veke. Så langt er 120 voldingar i karantene.
Publisert: 02.11.2020 kl 08:36
Ørsta kommune melder at to personar som sat i karantene har fått påvist koronasmitte.
Publisert: 02.11.2020 kl 08:33
Volda kommune melder at til no er 47 elevar, 3 lærarar og 7 studentar knytt til volda ungdomsskule sett i karantene etter at ein elev testa positivt på koronasmitte på laurdag.
Publisert: 31.10.2020 kl 14:30
Det er den dystre spådommen frå sorenskrivar i Søre Sunnmøre tingrett, Elisabeth Wiik, etter at justispolitisk talsperson i FrP, Per Willy Amundsen, seier at dei har opna døra for forhandlingar med regjeringa om domstolsstrukturen.
Publisert: 31.10.2020 kl 14:00
– Vår primærposisjon har ikkje endra seg. Vi ønskjer å få til ei løysing for domstolane som står seg over tid. Ein kan ikkje halde fram med omkampar, nye utval og utgreiingar. Så får vi sjå kva løysing som sikrar best bruk av kapasiteten i domstolane, seier Jon Georg Dale (FrP).
Publisert: 29.10.2020 kl 11:35 - Oppdatert: 29.10.2020 kl 13:05
Ein person i Ålesund har fått påvist koronasmitte etter nærkontakt med smitteutbrotet i Volda. - Vedkommande er i isolasjon og smittekartlegging pågår vidare, seier Ålesund kommune.
Publisert: 28.10.2020 kl 14:54
Ordførar Sølvi Dimmen informerer om at smittesporinga for dei to siste tilfella av koronasmitte i Volda er avslutta og at totalt er 44 personar sett i karantene.
Publisert: 26.10.2020 kl 14:12
Førre veke feira Tussa Energi AS kranselag for stasjonsbygget, og denne veka kjem ein 36 tonn stor generator som skal installerast i det nye kraftverket som er under bygging i Osdalen.
Publisert: 25.10.2020 kl 13:00
Telenor har informert Volda kommune om at nedlegginga av koparnettet på Straumshamn og i Bjørkedalen vert utsett til hausten 2022.
Publisert: 23.10.2020 kl 16:30
– I ti år har vi hevda at dette er eit skredutsett område, så no er vi kjempeglade for at fylkeskommunen går til det steget å stoppe all busstrafikk gjennom Alida, seier Volda-ordførar Sølvi Dimmen.
Publisert: 23.10.2020 kl 08:28
Fylkeskommunen har gjort ei vurdering av skredrisikoen langs fylkesveg 5896 mellom Berknes og Mork, og frå måndag vil ikkje skole- eller rutebussane lenger køyre den skredutsette strekninga.
Publisert: 19.10.2020 kl 18:00
Korkje Statens vegvesen eller Nye Veier prioriterer Voldatunnelen og ny tunnel på Rv. 15 over Strynefjellet i sine forslag til rulleringa av Nasjonal Transportplan 2021–2033. – Ikkje overraskande. Men eg har tru på at dette vil bli endra når det kjem til politisk handsaming, seier Svein...
Publisert: 18.10.2020 kl 13:00
Ein grunneigar på Grodås saksøkjer kommunen for 270.000 kroner. Det er verditapet grunneigaren meiner kommunen har påført eigedomen under flaumsikringa av Vikeelva på Grodås.
Publisert: 17.10.2020 kl 13:00
Onsdag kveld var Radiokameratane Øystein Bakke, Paul Sundnes og Olav Kvalsvik spesielt inviterte når filmen vart synt fram for fullt hus under Bergen Internasjonale filmfestival. Filmen var også nominert til beste norske dokumentarfilm.
Publisert: 15.10.2020 kl 13:10 - Oppdatert: 15.10.2020 kl 13:12
Laurdag 10. oktober testa ein person som oppheld seg i Volda positivt på koronasmitte. No er alle nærkontaktane testa, og alle prøvene har vore negative.
Publisert: 14.10.2020 kl 13:00
Volda kommune vil halde på differensieringa av arbeidsgjevaravgifta i Hornindal og resten av kommunen, og KMD opnar for at dette kan halde fram. – Men vi kan ikkje love at avgifta blir lågare i gamle Hornindal sjølv om retningslinene eventuelt opnar for dette.
Publisert: 13.10.2020 kl 14:11
Grunna vasslekkasje vert vatnet og veg stengt i Brenslene 14. oktober.
Publisert: 12.10.2020 kl 11:30 - Oppdatert: 12.10.2020 kl 11:31
Seint laurdag kveld kom meldinga frå Volda kommune om at det er påvist eit nytt tilfelle av koronasmitte i Volda. Også i nabokommunane er det registrert nye smittetilfelle. - – Situasjonen er under kontroll så langt vi veit no, seier Volda-ordførar Sølvi Dimmen.
Publisert: 11.10.2020 kl 13:00
Hytteeigarane i Harevadet som har fått beskjed om å bytte tak på hyttene sine, har klaga på avgjerda.
Publisert: 10.10.2020 kl 23:10 - Oppdatert: 10.10.2020 kl 23:11
Ein person i Volda har testa positivt for koronasmitte laurdag kveld. Det er starta smittesporing og til no er fem personar sett i karantene.
Publisert: 09.10.2020 kl 14:00
Medan det snart er klart for bygging av ny Rema 1000- og Europris-butikk på andre sida av E39, er resten av næringsområdet på Øvre Rotset enno ikkje lagt ut for sal. Området er ferdig opparbeidd, og tomtene er byggjeklare.
Publisert: 09.10.2020 kl 13:00
Volda kommune har gitt byggjeløyve til nytt næringsbygg på Øvre Rotset. Selskapet Emineo skal føre opp bygget som skal huse mellom anna Rema 1000 og Europris.
Publisert: 08.10.2020 kl 13:00
I statsbudsjettet 2021 vert Volda kommune utpeika som ein av vinnarane når det kjem til veksten i frie inntekter, men kommunedirektør i Volda, Rune Sjurgard, meiner veksten vert eten opp av aukande utgifter og underfinansierte reformar.