Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 17.08.2023 kl 14:05 - Oppdatert: 17.08.2023 kl 15:54
Volda kommune er ranka som den 23. beste kommunen i Kommunebarometeret. Innan sektoren barnehage er Volda nest best i heile landet.
Publisert: 17.08.2023 kl 13:17
Onsdag vart fleire ferjesamband gratis, og andre fekk halvert taksten. Det feira ordførar Sølvi Dimmen (Sp) og varaordførar Sverre Leivdal (Ap) med å dele ut roser og drops på Vikeneset til dei reisande over Voldsfjorden.
Publisert: 17.08.2023 kl 09:24
Steinsvik Olivine AS har søkt Volda kommune om mellombels stopp i dagmulkt medan dei skal leggje ei teststripe med asfalt på anleggsvegen som naboar har klaga på støy- og støvplager frå. Dei vil også søke om at dagmulktene vert sletta om heile vegen vert asfaltert, men TFU seier nei.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 16.08.2023 kl 18:00
– Vi i Rotevatn trafikkskule og Osdal catering likar å vere meir enn berre vanlege sponsorar for Volda handball elite. Vi er entusiastar som er med på både oppturar og nedturar, slik det ofte er i toppidretten seier Stian Osdal og Kjell Erik Rotevatn, som inviterte damelaget til Volda...
Publisert: 16.08.2023 kl 13:53
Ørstingen Kristine Eikrem Engeset var kvalifisert til friidretts-VM, men måtte trekke seg på grunn av skade. Eikrem Engeset stadfestar til Dagbladet at det er snakk om eit trøyttheitsbrot i foten.
Publisert: 16.08.2023 kl 11:00
- Høgskulen i Volda er ein hjørnestein i Voldasamfunnet. Vi er glade at Høgskulen, dei tilsette og studentane vil vere her i Volda. Vi skal gjere vårt beste med å legge til rette for at de vil halde fram med det, seier ordførarkandidat for Volda Høgre, Sindre Rotevatn, i ei pressemelding...
Publisert: 15.08.2023 kl 18:00
Volda Handballklubb møter Førde til treningskamp onsdag kveld og det er mange nye spelarar å bli kjende med for publikum. - Vi gler oss til å vise fram «nye Volda» til vårt engasjerte og store publikum, seier trenar Reidar Møistad.
Publisert: 15.08.2023 kl 13:23
Hundrevis av nye studentar var tysdag samla til studiestart ved Høgskulen i Volda og vart ønskte velkomne av rektor Odd Helge Mjellem Tonheim, som siterte Bon Jovi i opningstalen: «It’s my life, it’s now or never». Grip sjansen! Knyt livslange venskapsband, engasjer deg. Studietida er ikkje...
Publisert: 15.08.2023 kl 07:00
Mattilsynet vurderer risikoen for overføring av smitte frå fugl til menneske som svært låg, men rår likevel til at ein bør følgje nokre enkle råd for å førebyggje smitte.
Publisert: 14.08.2023 kl 18:00
Når det ikkje vert eit større samarbeid om rekneskap, innfordring og løn på søre Sunnmøre, meiner kommunedirektør Rune Sjurgard at Volda kommune bør gå i dialog med Ørsta kommune for å drøfte eit samarbeid.
Publisert: 14.08.2023 kl 10:55
Natt til søndag grunnstøytte skyssbåten «Ravn» i Molaupsvika i Hjørundfjorden. Dei ni passasjerane om bord var på veg frå countryfestivalen på Trandal og hamna i sjøen før dei kom seg i land og fekk bistand frå andre passasjerbåtar i området.
Publisert: 14.08.2023 kl 10:40
Ørstingen Kristine Eikrem Engeset må trekke seg frå friidretts-VM i Budapest etter ein skade. Eikrem Engeset skulle springe 5000 meter for det norske landslaget.
Publisert: 23.07.2023 kl 06:00
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har hatt tilsyn med skulemiljø i Volda kommune og internkontroll knytt til dette. Statsforvaltaren er uroa for om det vert sett inn tiltak raskt nok, og ber kommunen om meir informasjon.
Publisert: 22.07.2023 kl 13:00
Lagmannsretten har avgjort at grunneigarane på Øvre Heltne som skal avstå grunn til bustadfeltet B58 skal ha meir for eigedomane sine.
Publisert: 21.07.2023 kl 15:00
– Hornindalsvatnet har utkrystallisert seg som eit kjerneområde for strandsnipe på Søre Sunnmøre og i Nordfjord. No er denne idylliske lokaliteten fullstendig rasert seier Kjell Mork Soot i Sunnmøre RG om Volda kommune si opprusting av Groparken ved Hornindalsvatnet.
Publisert: 21.07.2023 kl 13:57
Naudetatane har rykt ut til ei adresse i Volda etter melding om røykutvikling i samband med matlaging.
Publisert: 20.07.2023 kl 15:39 - Oppdatert: 21.07.2023 kl 13:26
Aurstad Tunnel AS har lagt bak seg eit år med auka inntekter, men prisveksten gjorde at resultatet vart mindre enn i 2021. – Vi opplever positiv utvikling, men året går i historiebøkene med høg prisvekst på dei fleste innsatsfaktorar, seier dagleg leiar Jo-Stian Tverberg.
Publisert: 20.07.2023 kl 13:00
I mai vart det stole batteri frå ein lift som vart nytta til å installere overvakingskamera ved Øyra skule. No melder politiet at dei har lagt bort saka.
Publisert: 16.07.2023 kl 13:00
Volda KFUK/KFUM skal ha speidarleir i september og søkjer kommunen om å få overnatte på Årneset.
Publisert: 15.07.2023 kl 13:00
VTI Fotball senior damer skal ut i opprykkskvalifisering etter sommarferien. Dei møter Hødd, Blindheim, Kristiansund og Træff i seriespel, der vinnaren rykker opp i 2. divisjon.
Publisert: 14.07.2023 kl 20:34
I ei pressemelding seier Møre og Romsdal politidistrikt at dei har funne to tilfelle der sending via Altinn har ført til at meldingane ikkje har kome fram. Det eine tilfellet gjeld melding til barnevernet på Søre Sunnmøre.
Publisert: 14.07.2023 kl 20:25
- Eg er litt skuffa over at Volda Høgre prøver å lage politiske poeng og valkamp på ei så alvorleg sak. Eg reknar det som sjølvsagt at rusmisbruk og psykisk uhelse er noko alle parti er opptatt av og vil finne best moglege løysingar på. Det klarer vi best i konstruktivt samarbeid, seier...
Publisert: 14.07.2023 kl 16:20
- Utfordringane med rus blant ungdom handlar på kommunalt plan ikkje om for eller i mot justeringane i ruspolitikken, meiner ordførarkandidat for Volda Høgre, Sindre Rotevatn.
Publisert: 14.07.2023 kl 12:05 - Oppdatert: 14.07.2023 kl 12:43
Denne våren har det skjedd ein del endringar i voldaskulen. Mellom anna har to rektorar har gitt signal om at dei går av med alderspensjon etter mange trufaste år. - Dei kjem til å bli sakna, samstundes som vi gler oss over nye dyktige folk som er interesserte i å ta over stafettpinnane. Vi...
Publisert: 14.07.2023 kl 11:18
Både Ulstein og Ørsta har sagt nei til å vere med i eit interkommunalt samarbeid om rekneskap, innfordring, løn m.m. etter at Volda kommune har teke initiativ til eit forprosjekt. Volda ønskjer også å vere vertskommune for eit ev. interkommunalt samarbeid.