Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 28.01.2021 kl 11:35
Ørsta kommune fekk i går kveld melding om eit positivt tilfelle av Covid-19. Smitten skriv seg frå utbrotet i Sunnfjord.
Publisert: 27.01.2021 kl 13:00
Gjenbruksbutikken i Volda er for tida stengt. I sommar og i haust hadde dei redusert opningstid. Alt dette på grunn av koronapandemien. Butikken er til vanleg ein viktig møtestad for pensjonistar som sel varer til inntekt for misjonen. Arbeidet er også viktig med tanke på miljøet.
Publisert: 27.01.2021 kl 11:50 - Oppdatert: 27.01.2021 kl 11:59
Komande måndag er det offisiell opning av den felles legevaktsentralen for Søre Sunnmøre i nye og moderne lokale i Hovdebygda. Legevaktsentralen er eit interkommunalt samarbeid med Volda som vertskommune.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 26.01.2021 kl 13:00
Denne veka kom regjeringa med ny tiltak for å handtere koronapandemien. Toppidretten har fått trene å spele kampar fram til no, men regjeringa ber om to veker stopp i alt seriespel. Treningar kan klubbane halde fram med.
Publisert: 25.01.2021 kl 08:40 - Oppdatert: 25.01.2021 kl 09:46
Måndag morgon melder naudetatane om eit mindre trafikkuhell ved Øyra skule.
Publisert: 25.01.2021 kl 07:00
Formannskapet har vedteke at Volda kommune gir festivalstøtte også i 2021. – Det kan bli endå eit utfordrande år, og desse festivalane er viktige for Volda, seier ordførar Sølvi Dimmen (Sp).
Publisert: 24.01.2021 kl 15:00
– Det er ikkje vits i å lage meir haraball om dette. La saka gå til Statsforvaltaren, sa Sindre Kvangarsnes (Voldalista) om to mykje omtala hyttetak i Harevadet.
Publisert: 24.01.2021 kl 12:00
Tenesteutvalet for forvaltning og utvikling (TFU) i Volda kommune er positive til torskeoppdrett ved Alida, men seier nei til oppdrettsanlegg ved Støylen.
Publisert: 24.01.2021 kl 07:00
Vaksineringa er godt i gang i Volda, og no går kommunen ut med informasjon om den vidare vaksineringsplanen.
Publisert: 23.01.2021 kl 15:00
Formannskapet i Volda kommune stiller seg positive til å fusjonere det kommunalt eigde Svor-museet med Musea på Sunnmøre, men vil ikkje signere nokon avtale før ein ser om dialog med dei andre musea i Volda fører fram. – «Alt eller ingenting» bør vere haldninga vår. Skal ein ha ein slik...
Publisert: 23.01.2021 kl 12:00
Ordførar Sølvi Dimmen (Sp) byrjar å bli lei av stadige tilbakemeldingar om tilstanden i venterommet på ferjekaia i Volda sentrum. – Vi får stadig meldingar om pøbelstrekar inne i venterommet. Inventar blir øydelagt og søppel blir kasta på golvet. Vanleg folkeskikk gjeld her også!
Publisert: 23.01.2021 kl 07:00
Når VTI Symjegruppa ikkje lengre kan leige basseng i Hovdebygda, ønskjer dei å nytte bassenget på Folkestad til symjeopplæring. – Men med dei prisane Volda kommune vil ha i leige, vil det bli eit stort minusprosjekt for oss, seier ansvarleg for symjeskulen, Anne-Britt Aambø Hallaråker.
Publisert: 22.01.2021 kl 15:55 - Oppdatert: 22.01.2021 kl 16:17
Volda kommune har fått inn fem løysingsforslag til ny ungdomsskule i sentrum.
Publisert: 22.01.2021 kl 10:09
Nynorsk kultursentrum får i overkant av kr. 200.000 frå Kulturdepartementet.
Publisert: 21.01.2021 kl 14:40
Volda kommune skal nytte Samfunnshuset som vaksineringsstad framover, og dei fleste politisk møte blir lagt til andre lokale. Berre kommunestyret får halde fram, men deira møtedag blir flytta frå torsdag til onsdag.
Publisert: 21.01.2021 kl 09:25 - Oppdatert: 21.01.2021 kl 13:57
Endeleg kan Volda-ordførar Sølvi Dimmen (Sp) kople på og lade bilen sin i Volda sentrum. Onsdag var sju nye ladestolpar ved Volda rådhus «på nett» og klare for at elbileigarar i Volda kan kome og lade.
Publisert: 19.01.2021 kl 09:12
– Alle elevane på Øyra skule er tilbake i full drift, seier ordførar Sølvi Dimmen, etter at to skuleklassar har vore i karantene etter nærkontakt med ein tilsett som testa positivt på covid-19.
Publisert: 19.01.2021 kl 09:06
Måndag kveld melde politiet at dei hadde teke hand om ein hund som sprang laus i Hovdebygda.
Publisert: 18.01.2021 kl 09:30 - Oppdatert: 18.01.2021 kl 11:41
Volda brannvern har rykt ut til automatisk brannalarm ved Ekornes Grodås etter at det byrja å brenne i ei sag.
Publisert: 18.01.2021 kl 09:15 - Oppdatert: 18.01.2021 kl 10:39
Fredag kveld fekk Volda kommune melding om at ein person hadde testa positivt på covid-19. Det melder kommunen måndag morgon.
Publisert: 17.01.2021 kl 13:00
Talet på flypassasjerar på Ørsta-Volda lufthamn Hovden i 2020 var 57.181. Det er ein nedgang på 46,4% frå 2019.
Publisert: 15.01.2021 kl 18:00
Torsdag ettermiddag stod nok ein trailer fast i ferjekrysset på Lauvstad – den tredje denne veka.
Publisert: 15.01.2021 kl 09:59
Stryn kommune melder at ein person har tsta positivt på Covid-19 etter innreise til Noreg.
Publisert: 15.01.2021 kl 09:10 - Oppdatert: 15.01.2021 kl 09:25
Ørsta kommune har fått melding om at ein person testa positivt på covid-19 torsdag kveld.
Publisert: 14.01.2021 kl 14:25 - Oppdatert: 14.01.2021 kl 14:26
Bergens Tidende melder at det har vore koronasmitta om bord i eit fly frå Oslo til Bergen som har mellomlanda på Hovden.