Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 25.01.2019 kl 13:00
Ei rekkje lokale og regionale aktørar støttar ideen om å etablere eit forum for campusutvikling ved Høgskulen i Volda. Dette kom fram på eit møte om arealplanen for Volda kommune.
Publisert: 24.01.2019 kl 13:00
Volda Campus Arena AS har valt å avlyse den gjeldande anbodskonkurransen for ny idrettshall i Volda etter at dei tok imot klage på konkurransegrunnlaget. – Vi tek sikte på å lyse ut ny anbodskonkurranse i byrjinga av februar, seier styreleiar Arild Bakke.
Publisert: 23.01.2019 kl 13:30
Ordførar Jørgen Amdam seier han vil ha fram ei sak om oppstart av reguleringsarbeid for forlenging av Torvmyrvegen innan utgangen av ordførar-perioden sin. Men sjølv om ein reguleringsplan ligg på bordet, så står det att å finne pengar til å faktisk byggje vegen.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 21.01.2019 kl 18:00
Tiltakshavar Arne Johan Rebbestad og Asko Holding har planar om ei større utbygging av forretningsbygg med leilegheiter på Myrane. I dag legg dei fram planane sine for formannskapet.
Publisert: 20.01.2019 kl 07:00
Ordførar i Hornindal og leiar i fellesnemnda for Nye Volda, Stig Olav Lødemel, utfordrar Nordfjordrådet til å svare på kva forhold dei vil ha til Nye Volda, og kva som skjer med rådet når talet på medlemskommunar kan verte halvert frå 1. januar 2020.
Publisert: 19.01.2019 kl 18:00
Ei mogleg nedlegging av Mork rehabiliteringssenter er dropen som har fått begeret til å flyte over. No vil Jørgen Amdam og Stein Aam ha med seg resten av ordførarane i fylket på å seie «nei takk!» til at fleire statlege og regionale oppgåver vert overført til kommunane.
Publisert: 19.01.2019 kl 15:00
- I høve samfunnskostnadane dette kjem til å få, så er ei innsparing på ti millionar heilt latterleg, seier Volda-ordførar Jørgen Amdam (Ap) om at helseføretaket vurderer å legge ned rehabiliteringssentera på Mork og i Aure. Saman med ordførarkollega i Ørsta, Stein Aam (Sp), og...
Publisert: 17.01.2019 kl 08:42 - Oppdatert: 17.01.2019 kl 09:18
Torsdag morgon har ein bil køyrt av vegen rett ved Eiksundbrua.
Publisert: 16.01.2019 kl 13:00
- Om dette forslaget vert vedteke, så vil det vere ei rasering av tilbodet til pasientar og pårørande, seier plasstillitsvalt ved Mork rehabiliteringssenter, Marte Husøy, etter at dei tilsette er informerte om at Helse Møre og Romsdal ser på moglegheita for å kutte 33 av 52 sengeplassar i...
Publisert: 15.01.2019 kl 12:52 - Oppdatert: 15.01.2019 kl 12:54
Tysdag ettermiddag melder politiet at ein bilførar har køyrt i grøfta på E39 i Volda.
Publisert: 15.01.2019 kl 10:12 - Oppdatert: 15.01.2019 kl 10:23
Store snømengder i Sør-Noreg gjev utfordringar for flytrafikken. Det er allereie forseinkingar i avgangane frå Ørsta-Volda lufthamn Hovden.
Publisert: 14.01.2019 kl 15:20
Ørsta-Volda lufthamn Hovden hadde i fjor ein liten vekst i passasjertalet samanlikna med 2017. Medrekna transittpassasjerar reiste 108.732 over Hovden i 2018, som er ein auke på 0,2%.
Publisert: 14.01.2019 kl 09:24 - Oppdatert: 14.01.2019 kl 09:25
Vegen over Aldalen er stengt inntil vidare grunna skredfare.
Publisert: 13.01.2019 kl 13:00
Lensmann i Volda og Ørsta, Guttorm Hagen, deler uroa for trafikksituasjonen i flyplasskrysset. – Allereie då politiet flytta inn i kontora i Hovdebygda, meinte eg at Torvmyrvegen måtte forlengast for å sikre politiet to gode utrykkingsvegar. Det held eg fast på, seier Hagen.
Publisert: 11.01.2019 kl 16:09
Per T. Helset seier han er frustrert over å stadig møte stengde dører ved trafikkstasjonen i Hovdebygda. – Det er irriterande å kome heilt frå Bjørkedalen og møte stengde dører fleire gongar på under ei veke.
Publisert: 11.01.2019 kl 16:00
Dagleg leiar i Bondhus trafikkskule, Roger Bondhus, er fortvila for oppkøyrings-tilbodet elevane får. Lav bemanning og lang ventetid er eit problem på Ørsta Trafikkstasjon. Samtidig stenger stasjonen i tre veker i juli.
Publisert: 11.01.2019 kl 13:00
Representantar frå tannhelsetenesta i Søre Sunnmøre kompetanseregion og Hornindal kommune har vore på synfaring av lokale og utstyr i Hornindal med tanke på å etablere ein ambulerande tannklinikk der når Hornindal vert ein del av Nye Volda og Møre og Romsdal.
Publisert: 10.01.2019 kl 14:33
Arthur Geir Brenne arbeider i Hovdebygda og seier han dagleg ser farlege situasjonar når flypassasjerar går langs vegen for å kome seg til busstoppen i Hovdebakken. – Her bør det kome gangveg og fotgjengarfelt, for dette er livsfarleg.
Publisert: 10.01.2019 kl 08:38 - Oppdatert: 10.01.2019 kl 09:38
Politiet melder om store materielle skader etter at ein bil har køyrt i autovernet på Lauvstad.
Publisert: 09.01.2019 kl 13:00
Fredag kjem Noregs vassdrag- og energidirektorat (NVE) på synfaring i Årsetdalen etter skredet som gjekk nyttårsaftan.
Publisert: 06.01.2019 kl 13:00
Ungdomspanelet i Møre og Romsdal har delt ut midlar til 12 ungdomsprosjekt i fylket. Volda og Ørsta Ballettskule får kr. 7000 til sitt vårshow.
Publisert: 04.01.2019 kl 16:00 - Oppdatert: 04.01.2019 kl 16:26
Bedrifta Snekkern Dale AS har kjøpt Anders Hovden-gata 16 i Ørsta sentrum, der Eiksenteret heldt til før dei flytta fram på Mosflata.
Publisert: 04.01.2019 kl 11:14
Ørsta brannvern har fått melding om fare for vassinntrenging i ein bustad på Lystad.
Publisert: 02.01.2019 kl 08:47
Tysdag kveld melde politiet om eit trafikkuhell på E39 ved Nørestranda i Ørsta.
Publisert: 26.12.2018 kl 13:00
Volda vidaregåande skule held fram det unike prosjektet «Mitt afrikanske DNA» for tredje året på rad. Ti nye elevar har teke DNA-prøver som skal sendast til USA for analyse.