Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 24.12.2018 kl 13:00
Arild Iversen (KrF) håpar arbeidet med nytt kommuneslagord kjem til å halde fram, trass den nyleg avlyste konkurransen. – Eit godt slagord kan verke samlande og vere ein felles identitetsbyggjar, seier han, og føreslår «Mot rikare mål» som slagord for Nye Volda kommune.
Publisert: 22.12.2018 kl 13:00
Hugaas Entreprenør AS skal byggje den nye idrettshallen i Volda. Hugaas gav det beste pristilbodet for idrettshall og parkeringskjellar med 45 p-plassar, og prisen vert rundt 137,5 millionar kroner. Om ein tek med eigen klatrehall vert prisen kr. 142 mill.
Publisert: 22.12.2018 kl 07:00
Skanska har signert kontrakt om bygging av Nordøyvegen. Arbeidene på Nordøyvegen starter opp i mars 2019 og kontrakten skal overleveres innen mai 2022.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 19.12.2018 kl 14:43
Statens vegvesen melder at peleboringa ved Volda ferjekai er ferdig og at arbeidet no tek julefri fram til 2. januar.
Publisert: 18.12.2018 kl 11:20
Arbeidet i Rotsethorntunnelen tek juleferie frå fredag 21. desember.
Publisert: 12.12.2018 kl 09:13
Natt til onsdag vart politiet kalla ut for å avslutte ein fest i Volda sentrum.
Publisert: 11.12.2018 kl 15:26
Tysdag ettermiddag vart ein bilførar stoppa for å køyre utan gyldig førarkort i Ørsta sentrum.
Publisert: 11.12.2018 kl 10:42 - Oppdatert: 11.12.2018 kl 10:45
Tussa Kraft AS har inngått avtale om å selje delar av aksjeposten sin i Istad AS til Kommunal Landspensjonskasse (KLP). Etter salet vil Tussa eige 36 prosent av aksjane i Istad AS og KLP eige 13 prosent av aksjane i Istad AS.
Publisert: 10.12.2018 kl 13:09 - Oppdatert: 10.12.2018 kl 15:58
I 2019 opprettar Nynorsk kultursentrum to nye stillingar i Ørsta. – Gjestene våre får fleire arrangement, betre digitale tenester og vertskommunane våre får nye kulturarbeidsplassar, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark.
Publisert: 09.12.2018 kl 17:00
Stortingsrepresentant og medlem i Utdannings- og forskingskomiteen, Guri Melby (V), har vitja Øyra skule for å sjå på bruken av digitale læreverktøy i undervisninga. Ho fekk med seg eit stort ønskje frå lærarane, skuleleiinga og kommunen. – Vi treng fleire applikasjonar på nynorsk.
Publisert: 08.12.2018 kl 13:00
Formannskapet har fått presentert fleire alternativ for Volda ungdomsskule. Ei renovering av aula-bygget samt eit nytt tilbygg, eller ein heilt ny ungdomsskule. Prisen på dei forskjellige alternativa varierer mellom kr. 136 og 212 mill.
Publisert: 07.12.2018 kl 13:15
Forslaget "Expo" frå PEAB/K Nordang AS er vinnar av tilbodskonkurransen om å bygge nytt mediehus for Høgskulen i Volda.
Publisert: 06.12.2018 kl 13:00
Førjulsheltar frå Vik Ørsta har levert ei ny maskin til lysstøyperiet på Hamna dagsenter.
Publisert: 06.12.2018 kl 11:53
Natt til torsdag melde politiet om tjuveri frå fleire studenthyblar i Volda.
Publisert: 05.12.2018 kl 13:41 - Oppdatert: 05.12.2018 kl 13:43
Ein bil har køyrt av vegen i Storgata og hamna i ein hage. Sjåføren er fråteken førarkortet for å køyre med uforsvarlege dekk på bilen.
Publisert: 04.12.2018 kl 15:00
Nye Volda Høgre er første partiet ut med si liste til kommunevalet neste haust. Nominasjonsnemnda har kome med si innstilling, og det heile vert avgjort i nominasjonsmøtet 11. desember.
Publisert: 02.12.2018 kl 13:00
Ein av tre i Møre og Romsdal trur dei har køyrt med promille. Det syner ei undersøking som er gjennomført av Ipsos med 4000 deltakarar over heile landet.
Publisert: 30.11.2018 kl 13:45
Trass ei negativ tilråding frå administrasjonen så vil tenesteutvalet for oppvekst og kultur at ein skal setje i gang arbeidet med å samle barnehage, skule og SFO i eit oppvekstsenter i Austefjord.
Publisert: 29.11.2018 kl 11:20
Erlend Krumsvik har meldt seg ut av KrF og skal i staden stå på valliste for Partiet Dei Kristne. – Styret i Volda KrF er orienterte om at eg går ut frå nyttår, stadfestar han.
Publisert: 27.11.2018 kl 13:00
Det er planlagt eit tre-etasjars terrassehus i Kapteinsvegen, og bygginga kan byrje så snart utviklar har selt tre av fire bueiningar. – Vi har allereie selt to, og håpar at bygget kan stå ferdig mellom jul 2019 og påske 2020, seier Knut Engeset.
Publisert: 26.11.2018 kl 13:00
Arnfinn Tønnesen har laga ein kalender med eigne motiv frå Sunnmøre. Det har gått over all forventing, og halvparten av opplaget er seld ut allereie.
Publisert: 26.11.2018 kl 10:15
Vartdal Plastindustri AS kjøper aksjemajoriteten i Bodø-bedrifta Løvold Industri AS.
Publisert: 24.11.2018 kl 13:00
Onsdag ettermiddag hadde foreldre og elevar ved Vikebygda skule samla seg for å protestere mot at kommunen vurderer ei nedlegging. Politikarane vart møtt av taktfaste rop om «Vi treng Vikebygda skule!». Tenesteutvalet for oppvekst og kultur lytta og sa samrøystes «nei» til nedlegging.
Publisert: 22.11.2018 kl 13:20 - Oppdatert: 23.11.2018 kl 09:16
Leiteaksjonen etter den 25-år gamle kvinna som er sakna i Ørsta held fram med full styrke. Politiet og Røde Kors har store mannskap på staden, og politiet melder det er fleire ressursar på veg
Publisert: 21.11.2018 kl 13:04
Hornindal Høgre og Volda Høgre vart til Nye Volda Høgre under eit felles årsmøte på Josybuda på Kalvatn.