Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 19.02.2019 kl 13:00 - Oppdatert: 19.02.2019 kl 13:11
Karen Høydal og Synnøve Rekkedal Hill har informert dei tilsette i avdelinga for radiologi ved Volda sjukehus om at dei kan bestille ny DEXA-scanner. – Innsamlingsaksjonen har nådd målsetjinga om kr. 1,3 mill.
Publisert: 16.02.2019 kl 13:00
- Det er ei indre uro i Volda FrP, og sterke krefter har ønskt å byte oss ut. Så i staden for å verte røystesankarar, vel vi heller å trekke oss, seier Odd A. Folkestad etter at han, saman med Sindre Kvangarsnes, Edvin Dale og Egil Berg, har takka nei til å stå på partiet si valliste.
Publisert: 16.02.2019 kl 07:00
Lokallagsleiar i Volda FrP, Roald Espset, meiner det er meningsforskjelar kring det gjeldande partiprogrammet som har ført til spliden i partiet, og ikkje personlege tilhøve.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 14.02.2019 kl 20:44
Tre av fire i Volda FrP si kommunestyregruppe har valt å trekke seg frå partiet si valliste etter nominasjonsmøtet onsdag kveld.
Publisert: 14.02.2019 kl 09:55 - Oppdatert: 14.02.2019 kl 14:12
Natt til torsdag avslutta politiet ein fest på Legene i Volda.
Publisert: 13.02.2019 kl 16:27
Styret i Tine vurderer å samle og flytte kvitost-produksjonen frå meieriet i Ørsta. – Ingenting er avgjort enno, men i tilfelle ei omlegging så vil all anna produksjon halde fram som før, seier direktør for spesialprodukt i Tine, Anne Siri Høiland.
Publisert: 12.02.2019 kl 13:55 - Oppdatert: 13.02.2019 kl 11:10
Strekninga Åmelfoten-Innselset på Fv. 40 har vore stengt sidan kl. 18.00 tysdag kveld grunna skredfare. No melder Vegtrafikksentralen Midt at vegen er open.
Publisert: 12.02.2019 kl 13:35
FAU ved Volda ungdomsskule er urolege for elevar og tilsette. Dei vil ha rask avklaring knytt til kva som skal skje med skulebygget.
Publisert: 12.02.2019 kl 09:30 - Oppdatert: 14.02.2019 kl 09:39
Fv. 651 mellom Fyrde og Straumshamn har vore stengt sidan tysdag grunna rasfare på strekninga Høydalsneset-Bjørneset. No melder Vegtrafikksentralen at vegen er open att.
Publisert: 10.02.2019 kl 13:00
Det er inntil tre års ventetid for enkelte sakstypar i Sunnmøre jordskifterett. I fjor vart det avslutta 28 saker, medan det kom inn 30 nye saker. Ved årsskiftet har jordskifteretten 98 saker til handsaming.
Publisert: 09.02.2019 kl 13:00
Torsdag var 50 deltakarar samla i Molde for å vurdere risikoen ved å redusere døgnplassane innan rehabilitering ved å legge ned rehabiliteringssentera på Mork og Aure, og samle tilbodet ved Ålesund sjukehus.
Publisert: 07.02.2019 kl 18:00 - Oppdatert: 07.02.2019 kl 22:38
Årsmøtet til Volda KrF går sterkt imot ei nedlegging av rehabiliteringssentera på Mork og Aure. Men om det likevel skulle skje, så meiner dei at rehabiliteringstenestene skal leggjast til Volda sjukehus i staden for Ålesund.
Publisert: 07.02.2019 kl 15:00 - Oppdatert: 07.02.2019 kl 22:35
Ordførar Jørgen Amdam reagerer på rapporten som rår til at Mork vert lagt ned i 2020. Han har skrive eit notat som vert lagt fram under ROS-analysen i Molde.
Publisert: 07.02.2019 kl 13:00 - Oppdatert: 07.02.2019 kl 22:38
Plasstillitsvalt ved Mork rehabiliteringssenter, Marte Husøy, seier at tilrådinga frå arbeidsgruppa var frykta, men ikkje venta. – Om styret vedtek dette, så vil det vere dramatisk for pasientar og pårørande.
Publisert: 05.02.2019 kl 13:30 - Oppdatert: 07.02.2019 kl 22:39
Ei arbeidsgruppe i Helse Møre og Romsdal rår til at rehabiliteringssentera på Mork og Aure vart lagt ned, og at all spesialisert rehabilitering vert lagt til Ålesund sjukehus.
Publisert: 04.02.2019 kl 13:34
Inge Kolås (FrP) har kontakta lokalpolitikarar i regjeringspartia Høgre, FrP, Venstre og KrF for å skipe ei gruppe som skal arbeide for å halde oppe helsetilbodet i Møre og Romsdal.
Publisert: 03.02.2019 kl 13:23
Hovden Næringssenter har skrive kontrakt med Helse Møre og Romsdal, og byggjestart for ny ambulansestasjon er sett til april.
Publisert: 01.02.2019 kl 13:43
Volda brannvern har rykt ut til ein automatisk brannalarm i Halkjelsgata.
Publisert: 01.02.2019 kl 13:19
Cecilia Brækhus kjem til næringskonferansen i Ørsta. Verdsmeisteren i boksing kjem til Ørsta Kulturhus saman med skodespelar Bjarte Hjelmeland, hotelldirektør Richard Grov og føredragshaldar Kjell Nordstrøm.
Publisert: 01.02.2019 kl 09:42 - Oppdatert: 01.02.2019 kl 13:33
Norled melder at ferjesambandet Volda-Lauvstad er innstilt "inntil vidare". I staden vil det gå to ferjer på strekninga Volda-Folkestad.
Publisert: 31.01.2019 kl 13:02
Forvaltningsutvalet ønskjer å fjerne einvegskøyringa rundt Narvesen/Haavik, opne Cubus-krysset for inn- og utkøyring, senke fartsgrensa i Storgata til 30 km/t og gjere den til forkøyrsveg.
Publisert: 29.01.2019 kl 13:00
Leiar i nominasjonsnemnda til senterpartiet, Ragnhild Aarflot Kalland, seier at dei ikkje opplever 5. plassen til Odd Harald Sundal som ei vraking. – Vi ønskjer framleis Odd Harald med på laget seier ho.
Publisert: 28.01.2019 kl 11:17
Odd Harald Sundal er vraka frå toppen av Sp-lista til haustens kommuneval i Volda. Senterpartiet sin ordførarkandidat i 2015 er føreslått på 5. plass, og det gjer at Sundal trekk seg frå lista. – Eg tek min hatt og går.
Publisert: 27.01.2019 kl 13:00
Ordførarane i Nordfjord går sterkt imot ei nedlegging av Mork rehabiliteringssenter og har gått saman om ein fellesuttale som dei har sendt til Helse Møre og Romsdal.
Publisert: 26.01.2019 kl 13:00
Advokat Jørund Knardal er oppnemnt til fast forsvarar i Søre Sunnmøre tingrett og Frostating lagmannsrett.