Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 30.09.2017 kl 13:00
Asbjørn Tore Humberset er djupt uroa over planane for alternativ vegline for E39 frå småbåthamna til Elvadalen som Statens vegvesen legg fram for formannskapet komande tysdag. – Om desse planane vert godtekne så risikerer eg å misse både hus, heim og arbeid i ein jafs, seier Humberset.
Publisert: 30.09.2017 kl 07:00
Dei unge vaksne i Hornindal ønskjer Bjørke velkomne om dei vil vere ein del av Nye Volda kommune.
Publisert: 29.09.2017 kl 14:36
SpareBank 1 Søre Sunnmøre har offentleggjort dei 20 største eigenkapitalbeviseigarane etter den vellukka emisjonen. Sparebanken Møre og SpareBank 1 SMN eig dei største postane.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 28.09.2017 kl 15:00 - Oppdatert: 28.09.2017 kl 15:46
Norled melder torsdag ettermiddag at ferja Volda-Lauvstad er midlertidig innstilt. Det er forventa at reserveferje vil vere klar til 17.20.
Publisert: 28.09.2017 kl 10:40
Politiet utførte søk etter at det var observert naudrakett i retning HjørundfjordenSykkylven onsdag kveld.
Publisert: 25.09.2017 kl 13:00 - Oppdatert: 27.09.2017 kl 16:11
Arild Iversen etterlyser venterom og toalett for reisande ved busshaldeplassen på Moritsmarka.
Publisert: 25.09.2017 kl 12:45
Volda og Hornindal har tidlegare takka nei til å vere med på eit skriftleg infodokument som skal leggast fram for folkemøtet på Bjørke komande veke. No seier Ørsta at dei heller ikkje vil legge fram slikt dokument. I staden vil alle tre kommunane svare på spørsmål frå dei frammøtte.
Publisert: 24.09.2017 kl 13:00
Norunn Glomnes, sjukepleiar, og Manuela Erlbeck, helsefagarbeidar, jobbar begge som frivilligkoordinatorar i Volda kommune ved Volda omsorgssenter. No er dei godt i gang med prosjektet «Gi av din tid».
Publisert: 23.09.2017 kl 13:00
På ein skala frå ein til ni får Ørsta poengsummen 5 av Riksantikvaren for arbeidet kommunane har gjort for kulturminne. Med det ligg Ørsta på topp i regionen saman med Sykkylven. Volda får 1 poeng i same undersøking.
Publisert: 22.09.2017 kl 10:54 - Oppdatert: 23.09.2017 kl 07:57
Ei gruppe unge vaksne på Bjørke har beslutta å sende søknad om utgreiing av grensejustering med tanke på at Bjørke og Viddal krins kan verte ein del av Nye Volda kommune.
Publisert: 21.09.2017 kl 18:00
Komande helg kjem julekvelden for alle volleyball-interesserte på Sunnmøre. Det polske storlaget LOTOS Trefl Gda?sk sender rekruttlaget sitt til Volda for å måle krefter med norske eliteserieklubbar. – Dette er verkeleg stort, seier sportsleg leiar i KFUM Volda Volleyball, Leif Røv.
Publisert: 20.09.2017 kl 18:00
SpareBank 1 Søre Sunnmøre har 365 nye eigarar etter at banken har gjennomført ein vellukka emisjon av eigenkapitalbevis.
Publisert: 19.09.2017 kl 15:52 - Oppdatert: 19.09.2017 kl 16:43
Rådmann i Ørsta ber på vegner av kommunen om orsaking for e-posten som vart oppfatta som trugande. – På vegner av Ørsta kommune vil rådmannen seie seg lei for dei uheldige formuleringane i den aktuelle e-posten.
Publisert: 19.09.2017 kl 15:51
Etter spørsmål frå Møre seier rådmann i Ørsta, Wenche Solheim, at ordbruken burde vore moderert i e-posten frå kommunen som Yngve Dale har opplevd som trugande.
Publisert: 19.09.2017 kl 13:47
Volda kommune melder at teknisk sektor held på å reparere ein stor vasslekkasje i Furene.
Publisert: 19.09.2017 kl 13:00
Einingsleiar ved bygg- og oppmåling i Ørsta kommune, Kåre Hjelle, skriv i eit notat til Fylkesmannen at kommentaren som vart oppfatta som trugande av Yngve Dale, kom etter eit facebook-innlegg frå Dale som Hjelle oppfatta som trugsmål mot offentleg tenestemann.
Publisert: 18.09.2017 kl 09:18
Komikerfrua Marna Haugen er deltakar i årets «Skal vi danse» på TV2. - Det er langt tøffare enn eg hadde førestilt meg, seier den kjente bloggaren frå Ørsta.
Publisert: 17.09.2017 kl 13:00
Regional- og næringsutvalet i Møre og Romsdal fylke har løyvd 1,7 millionar kroner til bygging av turveg og gangbru frå Volda sentrum til Presteholmen. Saman med løyvingar frå Volda kommune gjer det at over 5,1 millionar i finansiering er på plass, og arbeidet kan byrje.
Publisert: 16.09.2017 kl 18:00
Volda kommune ønskjer ikkje å vere med på ei felles utgreiing saman med Ørsta før folkerøystinga om grensejustering på Bjørke. Dei ventar til Fylkesmannen bed om utgreiing frå kvar av kommunane.
Publisert: 16.09.2017 kl 13:00
Yngve Dale har klaga Ørsta kommune inn for Fylkesmannen etter at han har motteke det han føler er ein trugande epost frå kommunen etter ei byggesak.
Publisert: 16.09.2017 kl 07:00
Styret i Tussa Kraft AS har kalla inn til ekstraordinær generalforsamling etter krav frå eit fleirtal av aksjonærane.
Publisert: 15.09.2017 kl 13:33
Senterpartiet gjekk fram 4,8 prosentpoeng til 10,3 % oppslutning i Stortingsvalet, og kan kalle seg den store vinnaren. I Volda gjekk partiet fram 6,2 prosentpoeng og vart tredje største partiet med 16,1 % av røystene.
Publisert: 14.09.2017 kl 21:06 - Oppdatert: 14.09.2017 kl 21:08
Politiet i Møre og Romsdal etterlyste ein mann og ei kvinne som var mistenkte for tjuveri frå eit kjøpesenter i Ålesund. No er dei pågripne.
Publisert: 14.09.2017 kl 14:02
14.-16.september ser ein ny musikkfestival dagens lys i Volda. Bygdesus har som mål å gi publikum kul musikk frå artistar som enda er ukjende for dei aller fleste.
Publisert: 12.09.2017 kl 14:12
Då det vart ein liten pause mellom veljarane i Austefjorden, fekk elevane ved skulen kome inn og sjå korleis eit Stortingsval går føre seg.