Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 09.12.2017 kl 16:34 - Oppdatert: 09.12.2017 kl 17:21
Vegtrafikksentralen meldte laurdag ettermiddag om redusert framkommelegheit på fylkesveg 40 mellom Folkestad og Steinsvika.
Publisert: 09.12.2017 kl 13:00
Rundt 50 næringsdrivane i Volda sentrum har signert eit krav om at det vert laga ny skiltplan for sentrumsområdet. Eller rettare sagt, dei vil ha attende den gamle skiltplanen.
Publisert: 09.12.2017 kl 07:06
Politiet rykte ut til ei adresse i Ørsta etter meldingar om høg musikk.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 08.12.2017 kl 07:00
Søstrene Maren og Eline Kvamme Hagen frå Folkestad har sleppt ny musikkvideo med bandet "Sweet Nothing".
Publisert: 07.12.2017 kl 18:00
Det er no eit halvt år sidan Nordea flytta frå Volda sentrum til nye lokale i Furene. Banksjef for personmarknaden, Arne Lothe, er godt nøgd med flyttinga. – Den syner at Nordea ynskjer å styrkje posisjonen sin i Volda og Ørsta i åra framover.
Publisert: 05.12.2017 kl 10:10
Natt til søndag vart ei ung kvinne utsett for eit overfall i sin eigen bupel i Volda sentrum. Den unge kvinna er student ved Høgskulen i Volda, og skulen er i dialog med studentane om handteringa av situasjonen.
Publisert: 04.12.2017 kl 16:24 - Oppdatert: 04.12.2017 kl 16:31
Måndag ettermiddag har politiet sendt ut ei pressemelding der dei oppmodar publikum til å framleis kome med tips om overfallet som skjedde i Halkjelsgata i Volda sentrum natt til søndag.
Publisert: 04.12.2017 kl 14:38
Elias Brattli Eide er ny leiar for ungdomsrådet i Volda. Nestleiar Sigurd Tverberg sit i ei arbeidsgruppe som skal jobbe med kulturbygging i Nye Volda kommune.
Publisert: 03.12.2017 kl 13:00
Volda Ørsta Flyklubb har bygd ny hangar ved Hovden lufthamn. Flyklubben skal dele hangaren med Avinor, og torsdag kunne leiar i flyklubben, Oddvar Strand, og lufthamnsjef Sverre Bae, stå for den offisielle opninga.
Publisert: 03.12.2017 kl 07:00
Neste fredag vert Karpe Diem sin film "Adjø Montebello" vist på Ørsta kino, og Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid og Chirag Rashmikant Patel skal vere til stades under filmframvisinga.
Publisert: 02.12.2017 kl 13:00
Tom Malins forlèt VTI Fotball og vert spelarutviklar i Hødd Fotball frå mars neste år. – Det er ikkje med lett hjarte Tom har teke denne avgjerda, men han ser jobbskiftet som eit steg vidare i karrieren, skriv VTI Fotball i ei pressemelding.
Publisert: 01.12.2017 kl 14:15 - Oppdatert: 01.12.2017 kl 18:30
Volda Sanitetslag sin advokat, Odd Arne Nilsen, har problem med å skjøne Tomteservice AS sine truslar om søksmål mot Kragset Eigedomsmekling.
Publisert: 30.11.2017 kl 13:00
Johs Jacobsen har for lengst byrja å sende ut julematen til butikkane, og mange har sikra seg julemiddagen ved å kome innom utsalet i kjøtbedrifta. – Vi har hatt ein vekst i salet av julemat på 30 prosent samanlikna med i fjor, seier dagleg leiar, Stig Jacobsen.
Publisert: 30.11.2017 kl 10:13 - Oppdatert: 30.11.2017 kl 11:29
Ein bil har køyrt utfor vegen på Håskjold. Naudetatane er på veg.
Publisert: 30.11.2017 kl 09:18 - Oppdatert: 30.11.2017 kl 09:40
Statens vegvesen melder at Eiksundtunnelen er opna att etter bilberging torsdag morgon.
Publisert: 29.11.2017 kl 13:00
Tenoren Bror Magnus Tødenes (24) frå Eiksund i Ulstein, vann tysdag kveld Statoil sitt talentstipend i klassisk musikk.
Publisert: 28.11.2017 kl 14:43 - Oppdatert: 28.11.2017 kl 15:31
Tysdag ettermiddag melde politiet om ei trafikkulukke i Ørsta.
Publisert: 28.11.2017 kl 12:51 - Oppdatert: 29.11.2017 kl 10:36
Sanitetshuset vart i sommar selt for 4,9 millionar kroner frå Volda Sanitetslag til Tomteservice AS. Innan overtakinga fann stad bestemte Tomteservice AS seg for å heve kjøpet. No går saka til retten.
Publisert: 27.11.2017 kl 13:00
Fylkesmannen i Møre og Romsdal gjev tilskot til Volda kommune og VTI-symjegruppa for å drive symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar. Noko av målsetjinga med støtta er å redusere risikoen for ulykker i samband med bading.
Publisert: 26.11.2017 kl 13:00
Volda kommune har no orientert VTI om planane for nytt lysanlegg i Elvadalen. Målet er å starte på arbeidet kring nyttår.
Publisert: 25.11.2017 kl 13:00
Det tek for lang tid før mørke gatelys vert skifta, noko som er til irritasjon og i verste fall kan skape farlege situasjonar. No vil Volda kommune møte BKK.
Publisert: 24.11.2017 kl 15:40
Politiet melder om ei trafikkulukke mellom to personbilar i Furene.
Publisert: 24.11.2017 kl 15:03 - Oppdatert: 24.11.2017 kl 16:31
Fredag ettermiddag melde Vegtrafikksentralen at Eiksundtunnelen var mellombels stengt grunna bilberging.
Publisert: 24.11.2017 kl 13:00
Magnar Åm sin nyskrivne opera ”Kimen” får verdspremiere under Dei nynorske festspela neste år. Fram til då skal mykje arbeid gjerast.
Publisert: 23.11.2017 kl 18:00
Volda kommune kan vurdere å nytte oreigning på Øyralandet for å få framgang i utviklingsplanane for området. – Dette vil vere ein siste utveg, men det verkar vere brei politisk semje om dette, seier ordførar Jørgen Amdam (Ap).