Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 23.11.2017 kl 13:37 - Oppdatert: 23.11.2017 kl 16:26
Torsdag ettermiddag melder politiet at ein bil har køyrt av vegen på Bondalseidet.
Publisert: 23.11.2017 kl 13:00
Coop har sett på moglegheitene for utviding på Øyralandet i Volda sentrum. Leidulv Langvatn seier han er kontakta om sal av grunn i området. Han er open for ideen, men meiner ein må satse mykje større enn berre ei butikkutviding.
Publisert: 22.11.2017 kl 08:44
Politiet melder at ein bil har køyrt i grøfta på Rot i Ørsta kommune i morgontimane onsdag.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 21.11.2017 kl 18:00
Både fredag ettermiddag, og heile laurdag og søndag var det avvikling av cupen, der tett på 200 fotballkampar vart spelte av born mellom 6 og 12 år. 114 lag var påmelde, og fleire kunne det vore dersom der var kapasitet, noko det dessverre ikkje var.
Publisert: 21.11.2017 kl 10:24
Politiet har kverrsett tre førarkort under ein kontroll i Volda tysdag morgon.
Publisert: 20.11.2017 kl 13:01 - Oppdatert: 20.11.2017 kl 13:02
Volda Skisenter opnar tysdag ettermiddag, og tilbyr gratis køyring for alle på opningsdagen.
Publisert: 18.11.2017 kl 18:00
Rektor ved Volda ungdomsskule, Inger Anne Kvamme, er glad for at det er funne plass til oppussing av skulen i økonomiplanen for 2018–2021. – Dette har vore framme ved jamne mellomrom, men no er det endeleg vår tur.
Publisert: 17.11.2017 kl 16:23 - Oppdatert: 17.11.2017 kl 20:53
Det kom heile 53 forslag til nytt kommunevåpen for Nye Volda kommune. Dei forslaga kan du sjå her.
Publisert: 17.11.2017 kl 12:58
Statens vegvesen melder at det vert redusert framkomst på E39 grunna vedlikehaldsarbeid.
Publisert: 16.11.2017 kl 15:01 - Oppdatert: 21.11.2017 kl 14:36
Nemnda for kommunenamn og heraldikk har gått gjennom alle dei over 50 innsende framlegga, og landa på ein vinnar.
Publisert: 14.11.2017 kl 20:00
Arbeidsgruppa som har arbeidd med ein felles samferdslepakke for Volda og Ørsta kom førre veke med eit forslag om bomplassering og pris. Einaste bomplasseringa som var nemnt i førsteutkastet var på Klippa og i Furene. - Det er og vurdert andre områder for plassering, seier Cathrine...
Publisert: 14.11.2017 kl 13:00
Slalåmski, langrennsski og andre ski og sko fekk nye eigarar i regi av VTI-Alpint på Spinneriet laurdag. 60 prosent av varene som hadde kome inn vart selde.
Publisert: 14.11.2017 kl 11:26 - Oppdatert: 15.11.2017 kl 13:26
Politiet melder tysdag formiddag at dei søker etter ein hund som har vorte påkøyrd på Ekset.
Publisert: 13.11.2017 kl 08:21
Ordførarane i Eid og Gloppen har på vegner av kommunane sine sendt brev til statsråd Ketil Solvik Olsen (FrP) om ferjetilbodet Volda-Folkestad. – Vi ser med stor uro på at tilbodet vil bli redusert frå 2020, skriv dei
Publisert: 11.11.2017 kl 13:00
I arbeidet med ny hovudplan for vatn og avløp i Volda, kjem det fram store utfordringar knytt til vedlikehaldsetterslep og store investeringsbehov. Størst av alt er behovet for nytt reinseanlegg.
Publisert: 10.11.2017 kl 13:02
I dag går G-Sport på Spinneriet over til å bli Intersport. Det gjev butikken høve til å spisse og dyrke fram sine kunnskapar innan toppturar, friluftsliv, sykkel, løp og klubb.
Publisert: 09.11.2017 kl 14:54 - Oppdatert: 09.11.2017 kl 14:54
Rådmann i Volda kommune kjem i dag med sitt framlegg for budsjett 2018 og økonomiplan for perioden fram til 2021. Det er «rydda» i investeringsbudsjettet og det vert ikkje nokon auke i eigedomskatten for komande år.
Publisert: 09.11.2017 kl 13:00
Sjølv om snøen ikkje er komen enno, så vert laurdag ein festdag for skisporten i Volda. Dagen byrjar med den populære skibytedagen, før Volda Skisenter feirar 50 år med boklansering og fest på Rokken.
Publisert: 09.11.2017 kl 07:00
I dag vert blir det gjennomført ei fullskala beredskapsøving ved Volda sjukehus. Målsettinga er å øve på massetilstrøyming av pasientar.
Publisert: 08.11.2017 kl 13:08
Etter mykje etterspurnad vert Brænne saft type rød endeleg lansert også sukkerfritt.
Publisert: 07.11.2017 kl 11:32 - Oppdatert: 07.11.2017 kl 14:29
Tysdag formiddag rykte Volda brannvern ut til ein automatisk brannalarm ved Høgskulen.
Publisert: 05.11.2017 kl 13:00
Ordførarane i Volda og Ørsta er samde om ein felles samferdselspakke knytt til Voldatunnelen. No byrjar arbeidet med å «selje» denne pakken til resten av politikarane i Volda og Ørsta. – Tiltaka i pakken er tenlege for heile Volda-Ørsta området, meiner Jørgen Amdam (Ap).
Publisert: 04.11.2017 kl 13:00
Under kommunestyredebatten om kven som skal få mynde til å utføre vigslar på kommunen sine vegner, kom forslag om at brurefolket skal kunne velje kven som står for vigsla etter politisk synspunkt. Arild Iversen (KrF) meiner det vert feil å «gjere politikk» av ein så viktig seremoni.
Publisert: 03.11.2017 kl 16:20 - Oppdatert: 03.11.2017 kl 16:25
Volda brannvern rykte fredag ettermiddag ut til ein automatisk brannalarm i Skjervavegen i Volda sentrum.
Publisert: 02.11.2017 kl 11:10 - Oppdatert: 02.11.2017 kl 15:04
Volda og Ørsta har arbeidd for ein felles samferdselspakke knytt til bygginga av Voldatunnelen. No har gruppa kome fram til eit førsteutkast om kvar bom skal stå og kor mykje det skal koste å passere.