Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 01.11.2017 kl 14:07
Arild Iversen (KrF) har røyst spørsmål ved at skulen i Hornindal skal totalrenoverast for over 25 millionar kroner, samstundes som ein vurderer å leggje ned skulen i Austefjord. Ordførar Jørgen Amdam seier det ikkje er nokon automatikk i at skulen i Austefjord vert nedlagt sjølv om den vert...
Publisert: 31.10.2017 kl 09:40
Statsbygg har orientert ordføraren om kostnadane ved å byggje ny kultursal og kino i mediebygget ved Høgskulen. Kostnadane vert så store at kommunen legg frå seg planane. – Det vert nesten dobbelt så dyrt som vi har sett føre oss, seier Amdam.
Publisert: 30.10.2017 kl 09:34 - Oppdatert: 31.10.2017 kl 07:36
Politiet melder om ei utforkøyring på Skjåstad måndag morgon.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 30.10.2017 kl 08:40
Politiet melde søndag kveld om ei bilulukke på Ullaland i Austefjord.
Publisert: 29.10.2017 kl 18:00
Volda kommune treng ein person til å representere seg i styret i Volda Skisenter. Valnemnda har enno ikkje funne nokon som vil ta på seg vervet, og går no ut og ber interesserte om å ta kontakt.
Publisert: 28.10.2017 kl 13:00
Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel (H) er langt frå nøgd med at Stryn ønskjer at heile Kjøs krins skal vere ein del av kommunen. – Det verkar som om Stryn berre er ute etter å erobre areal. I utgreiinga frå rådmannen er innbyggjarane i området knapt nemnt med eit ord.
Publisert: 28.10.2017 kl 11:16 - Oppdatert: 28.10.2017 kl 11:19
Politiet melder laurdag formiddag at det har vore innbrot på Samfunnshuset i Volda.
Publisert: 28.10.2017 kl 10:28 - Oppdatert: 28.10.2017 kl 11:44
Vegtrafikksentralen melde laurdag formiddag at eit jordras stengte Fv 651 mellom Austefjorden og Straumshamn. Klokka 11.35 er vegen opna att.
Publisert: 27.10.2017 kl 09:25 - Oppdatert: 27.10.2017 kl 10:32
Politiet melder at ein bil har køyrt av vegen på Sæbø.
Publisert: 27.10.2017 kl 08:37 - Oppdatert: 27.10.2017 kl 10:36
Politiet melder om ein kollisjon mellom to bilar ved Osebrua i ØRsta fredag morgon.
Publisert: 26.10.2017 kl 18:00
Inntekter på 35.000 frå markeringa av kvinnedagen i Ørsta 2017 går til etablering av kvinnenettverket, «Kvinner opp og fram», som hadde sitt første møte måndag.
Publisert: 26.10.2017 kl 08:40 - Oppdatert: 26.10.2017 kl 10:39
Onsdag kveld melde politiet at dei hadde beslaglagt ein bil etter at dei fann narkotika i den.
Publisert: 25.10.2017 kl 13:07
Marna Haugen er med i ein ny nettserie, Motherhood, som handlar om å vere mamma i ulike verder. Serien kjem på skjermen denne veka.
Publisert: 24.10.2017 kl 13:00
Kari Ristesund og Bjarne Kvalsvik i Uavhengig valliste Sunnmøre har sett i gang ein underskriftsaksjon for å behalde kjøkkena ved sjukehusa i Volda og Ålesund.
Publisert: 23.10.2017 kl 18:00
Prosjektleiar for kommunereforma hjå fylkesmannen, Vigdis Rotlid Vestad, tilbakeviser påstandane frå «bygdefolk på Bjørke» om at grensejusteringsprosessen vert haldt bak lukka dører. – Ingenting i denne prosessen er hemmeleg, seier ho.
Publisert: 23.10.2017 kl 13:07
Rundt 25 personar som kallar seg «bygdefolk på Bjørke» har skrive under på eit brev med krav om openheit rundt prosessen med grensejustering for Bjørke og Viddal. – Vi forlanger at alle i bygda vert høyrde, og at lokaldemokratiet skal råde, skriv dei i brevet til fylkesmannen.
Publisert: 22.10.2017 kl 13:00
Formannskapet i Eid kommune stiller seg bak skrivet som Volda kommune har sendt samferdselsdepartementet om ferjetilbodet Volda-Folkestad. – Dette er eit viktig samband for heile regionen, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V).
Publisert: 22.10.2017 kl 10:11
Politiet opplyser at ein mann er meld for kroppskrenking etter ei hending i Volda natt til søndag.
Publisert: 22.10.2017 kl 09:59
Laurdag kveld stoppa politiet ein bilførar i Hovdebygda etter mistanke om promillekøyring.
Publisert: 22.10.2017 kl 09:52
Natt til laurdag melde politiet om ei rusa kvinne som laga problem ved ein utstad i Volda.
Publisert: 22.10.2017 kl 07:47
Dan Helge Bjørneset (H) har sett fram eit alternativt forslag til nytt kulturhus i Volda. Han vil synleggjere at det finst alternativ til å leggje kultursal i det nye mediebygget til Høgskulen. – Vi treng ein plan B om kultursal ved Høgskulen vert for dyr, seier han.
Publisert: 21.10.2017 kl 13:00
Volda kan bli vertskommune for skule- og oppvekstsektoren i Hornindal kommune fram til samanslåinga i 2020.
Publisert: 20.10.2017 kl 21:52 - Oppdatert: 21.10.2017 kl 10:59
Politiet melder at ein mann og ei kvinne trua til seg to syklar frå nokre ungdomar i Volda fredag kveld.
Publisert: 20.10.2017 kl 21:35 - Oppdatert: 21.10.2017 kl 10:58
Politiet melder i kveld om ei våpenulukke på Lauvstad som fann stad tidlegare fredag ettermiddag.
Publisert: 20.10.2017 kl 11:45 - Oppdatert: 21.10.2017 kl 10:58
Politiet går ut med oppmodinga etter at dei stoppa ein bil full av tjuvgods.