Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 17.05.2020 kl 08:44
Trass styggever og temperaturar som minner meir om vinter enn om mai, så har det vore ein del feststemde folk som har samla seg rundt om i Volda og Ørsta. Dermed har det vore litt å gjere for politiet.
Publisert: 16.05.2020 kl 22:00
Flaggstonga ved Vesttun grendehus/Ulvestad barneskule, hadde vorte nokså vêrslit. Derfor vart det bestemt at flaggstonga skulle malast og verte fin til nasjonaldagen.
Publisert: 16.05.2020 kl 20:00
Bebuarane ved Volda omsorgssenter vart fredag overraska med barnetog frå fleire hald. Born frå Engeset barnehage, Øyra barnehage og Øyra skule tok turen for å gå i tog rundt huset, veive med dei norske flagga, rope «hipp, hipp» og syngje for dei eldre.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 16.05.2020 kl 18:00
Utbyggingsprosjektet Grodås Aust i Hornindal får 1,1 million kroner i tilleggsløyving med Volda kommune. Tiltaket vert finansiert med låneopptak.
Publisert: 16.05.2020 kl 16:00
Med all snøen som har lava ned dei siste dagane, er det nok for tidleg å pakke ned ullkleda. Ull kan dessutan nyttast heile året, og ved Varmesen i Volda finn ein gode og miljøvenlege ullplagg til alle årstider – og mykje meir.
Publisert: 16.05.2020 kl 15:00
Nordmenn køyrer stadig for fort. Verst er det i 80-sone, men nesten halvparten bryt også fartsgrensa i tettbygde strøk. Det syner ei ny undersøking frå Trygg Trafikk.
Publisert: 16.05.2020 kl 13:00
Kommunedirektør Rune Sjurgard er uroa for dei økonomiske konsekvensane av koronasituasjonen. – Til hausten skal budsjett og økonomiplan handsamast. Resultatet av koronasituasjonen kan bli dramatisk for mange kommunar.
Publisert: 16.05.2020 kl 14:07
Sparebanken Møre har vunne prisen for landets beste kundeservice i kategorien bank. – Å kome øvst på pallen i år igjen, gjer oss veldig stolte!, seier banksjef i Volda, Mette Ryste.
Publisert: 16.05.2020 kl 10:00
På Sætre er det under planlegging to leilegheitsblokker som til saman skal gi opp mot 14 leilegheiter. No er det lagt fram eit forslag til reguleringsplan.
Publisert: 16.05.2020 kl 07:00
Det er blitt tradisjon at 4. klasse i Volda syng «Nordmannen», betre kjent som «Mellom bakkar og berg», ved paviljongen på Nasjonaldagen. Det fjerde verset er skrive om til ein rap av Runar Gudnason, som tek notidas nordmann på kornet. I år har alle fjerdeklassene og andre voldingar bidrege...
Publisert: 15.05.2020 kl 22:00
Kampen om flest kjøpte billettar til den fiktive fotballkampen mellom Volda og Ørsta er godt i gang.
Publisert: 15.05.2020 kl 20:56
Ein tilsett ved Ålesund sjukehus fekk torsdag kveld fyrste symptom på koronasmitte og fredag 15.mai kom det positive prøvesvaret. Vedkommande var på jobb ved medisinsk biokjemi onsdag og torsdag denne veka, og hadde då nærkontakt både med pasientar og tilsette ved sjukehuset.
Publisert: 15.05.2020 kl 18:00
Årsrapporten for Næringsfond(kraft) 2019 vart torsdag teken til vitende av kommunestyret.
Publisert: 15.05.2020 kl 20:20
Fredag kveld har politiet stoppa ei kvinne i 40-åra på Festøy etter mistanke om promillekøyring.
Publisert: 15.05.2020 kl 17:00
Den koronasmitta i Volda er skriven ut frå sjukehuset og ligg no i isolat i tilpassa lokale. – Tilstanden til pasienten er stabil, opplyser kommunen.
Publisert: 15.05.2020 kl 15:45 - Oppdatert: 15.05.2020 kl 17:42
Det er nå to måneder siden Norge stengte ned og det ble lagt store begrensinger på nordmenns liv. Nå står sommerferien snart for døren, og mange har naturlig nok spørsmål om hvordan den vil bli.
Publisert: 15.05.2020 kl 13:35
Til no har 310 personar testa seg for koronasmitte i Ørsta kommune. Det er ikkje påvist nye positive prøver sidan 25. mars i Ørsta.
Publisert: 15.05.2020 kl 13:00
SpareBank 1 Søre Sunnmøre seier banken er godt kapitalisert og har god likviditet ved utgangen av første kvartal, men merkar at koronasituasjonen pregar samfunnet. Resultatet før skatt er på 37,7 millionar kroner mot 94,4 millionar kroner for same kvartal i fjor.
Publisert: 15.05.2020 kl 10:00
Bjarte Roth har nokre gode råd til butikkdrivande i desse rare koronatidene. Dette er å strekke seg langt og alltid tenkje sørvis, sette inn eit ekstra gir, og fokusere på moglegheiter framfor å sjå avgrensingar.
Publisert: 15.05.2020 kl 07:00
Mathilde Marselie Sjøhelle Eiksund (22) frå Volda er valt inn i Universitetsstyret ved NTNU som éin av to studentrepresentantar. Styrevervet er blant dei gjævaste studentpolitiske verva ein kan bli valt inn i.
Publisert: 15.05.2020 kl 08:35 - Oppdatert: 15.05.2020 kl 10:56
Fredag morgon har to bilar kollidert på E39 ved krysset til Berkneset.
Publisert: 14.05.2020 kl 22:00
Fleire i Volda og Ørsta har søkt om støtte for korona-avlyste, stengde eller utsette arrangement.
Publisert: 14.05.2020 kl 18:00 - Oppdatert: 15.05.2020 kl 10:45
– Folketoget «minutt for minutt» er eit konsept der det er toget som «ser» på publikum, og ikkje omvendt, seier Torgeir Bratteberg, og oppmodar voldingane til å gå ut i hagar og gater når bilkortesjen passerer.
Publisert: 14.05.2020 kl 15:55 - Oppdatert: 14.05.2020 kl 15:56
– Vi har dessverre kome fram til at vi ikkje kan drive kafeen framover. Det er utruleg trist og det er med tungt hjarte at vi dessverre må stengje dørene til Løvland Spiseri, skriv drivarane bak kafeen.
Publisert: 14.05.2020 kl 13:20 - Oppdatert: 14.05.2020 kl 13:45
Tjue tilsette ved Volda sjukehus er sett i karantene etter at ein pasient med uoppdaga koronasmitte vart innlagd ved sjukehuset. No seier sjukehustilsette at dei opplever at fleire pasientar tek kontakt, og at nokon vel å utsetje timane sine ved sjukehuset.