Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 30.08.2019 kl 21:00
Det er ikkje kvar dag ein får kome backstage til Kjartan Lauritzen, og i alle fall ikkje bli med opp på scena. Men det fekk Henning Tilseth Sæterås og broren.
Publisert: 30.08.2019 kl 18:00
Hornindal natur- og kulturbarnehage har si eiga kokebok «Klare sjølv». Den blir flittig brukt når frukt og grønsaker skal bli til matrettar.
Publisert: 30.08.2019 kl 15:55 - Oppdatert: 30.08.2019 kl 20:22
Voldingen Eirik Sætre Hovevar ein av dei første som viste fram kunstane sine under Norske Talenter fredag.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Aurstad Tunnel AS intensiverer i desse dagar arbeidet med å traue ut byggjegropa til den nye idrettshallen på Joplassen. – Vi ynskjer å verte ferdige så fort som råd, for å minske ulempene for dei som bur og ferdast i området.
Publisert: 30.08.2019 kl 15:55 - Oppdatert: 30.08.2019 kl 16:05
Fredag vart det arrangert ny nasjonal skulestreik for klimaet, også her i Volda. – Vi gir oss ikkje før vi får gode og konkrete tiltak for å løyse klimakrisa!
Publisert: 30.08.2019 kl 12:00 - Oppdatert: 19.09.2019 kl 11:50
Parlamentarisk leiar i Senterpartiet, Marit Arnstad, meiner ein legg opp til kamp mellom sjukehusa når ein tek slike avgjerder som traumefunksjonen ved Volda sjukehus.
Publisert: 30.08.2019 kl 14:35 - Oppdatert: 30.08.2019 kl 15:11
Parlamentarisk leiar i Senterpartiet, Marit Arnstad, vil krevje at regjeringa legg fram ei stortingsmelding om både struktur og økonomi i rettssystemet til open debatt i Stortinget. - Vi vil sørgje for at alle tvingast til å avsløre kva dei eigentleg meiner i denne saka. Vi krev ein offentleg...
Publisert: 29.08.2019 kl 18:00
Raudt i Volda går til val på å prioritere barn og eldre framfor nytt kulturhus i kommande periode.
Publisert: 29.08.2019 kl 16:21
Røyret utanfor Osstranda er ikkje eit kommunalt røyr, no undrar kommunen på om det kan høyre til ein eigedom i Voldavegen.
Publisert: 29.08.2019 kl 09:20 - Oppdatert: 19.09.2019 kl 22:58
Formannskapet reagerer kraftig på forslaget om at Volda sjukehus ikkje skal ha status som akuttsjukehus med traumefunksjon. – Folk sin tryggleik vert sett i spel i ein intern kamp om ressursar og prestisje mellom sjukehusa i helseføretaket, seier ordførar Jørgen Amdam.
Publisert: 29.08.2019 kl 09:30 - Oppdatert: 19.09.2019 kl 22:58
Sjukehuskoordinator ved Volda sjukehus, Knut Nautvik, seier til Møre at dei fleste ved Volda sjukehus er usamde i vurderinga at sjukehuset ikkje skal ha traumefunksjon. – Vi forstår ikkje korleis traumeberedskap ved Volda sjukehus kan svekkje sjukehuset i Ålesund.
Publisert: 29.08.2019 kl 13:00
Regjeringa vil flytte fleire statlege arbeidsplassar ut i distrikta gjennom ordninga «statens hus». Stig Olav Lødemel (H) meiner Nye Volda bør vere ein av kommunane som får vere med i pilotprosjektet.
Publisert: 29.08.2019 kl 07:00 - Oppdatert: 29.08.2019 kl 09:09
Kristine Simonnes Rouxel og Jean-Sébastien Rouxel ser fram til å arbeide med barn og unge i Pinsekyrkja. Dei har planlagt mange kjekke aktivitetar i løpet av hausten, og på fredag inviterer dei alle ungdommar til Connect.
Publisert: 28.08.2019 kl 18:00
Ei rekkje oppsitjarar på Rotset har no sendt inn eit innspel til kommuneplanen sin arealdel, der dei oppmodar kommunen om å omregulere Rotsetfjøra til friområde.
Publisert: 28.08.2019 kl 15:39
Volda har fått sin fjerde bank. - Alle bankane i nærleiken bør vere uroa dersom dei ikkje klarer å levere gode kundeopplevingar, seier regiondirektør i Sparebanken Vest Tore Dvergsdal.
Publisert: 28.08.2019 kl 14:35 - Oppdatert: 29.08.2019 kl 10:58
Statens vegvesen melder at det vert slutt på kolonnekøyringa i Rotsethorntunnelen frå laurdag 31. august.
Publisert: 28.08.2019 kl 14:02
Volda-ordførar Jørgen Amdam vil møte Statens vegvesen for å drøfte Voldatunnelen snarast.
Publisert: 28.08.2019 kl 07:00
Dei tre partia Ap, Sp og Sv står samla i kulturhussaka. – Vi vil ha utvikling i sentrum og held fast på målet om å byggje nytt kulturhus ved Samfunnshuset i sentrum med ungdomsklubb, kino, storsal og bibliotek.
Publisert: 27.08.2019 kl 21:55 - Oppdatert: 27.08.2019 kl 23:12
I 21.30 tida tysdag vart det meldt om ein lastebil med diesellekkasje.
Publisert: 27.08.2019 kl 18:00
Det Grøne Treet har vore til sals. No er det kjent at det har meldt seg interessentar, og at eit kjøp er nært kommande.
Publisert: 27.08.2019 kl 13:00
– Det er trist å sjå at alt arbeidet som er lagt ned i Øyraelva vert øydelagt på denne måten, seier Knut Magne Årseth i Volda jeger- og sportsfiskarlag.
Publisert: 27.08.2019 kl 12:05 - Oppdatert: 27.08.2019 kl 12:07
Politiet og Røde Kors søkjer i dag etter sakna Maja Herner i det bratte og ulente terrenget bak Vardehornet og mot Nivane. Det vert søkt både til fots og med drone.
Publisert: 27.08.2019 kl 07:00
Reguleringsplanen for Melsgjerdet industriområde, som mellom anna omfattar VØR sitt biogassanlegg, er lagt ut til offentleg ettersyn utan motsegner. Rådmann i Ørsta rår til at planen vert godkjend slik den no ligg føre.
Publisert: 27.08.2019 kl 09:29
Tre bilførarar fekk parkeringsbøter og ein mann vart meld for køyring utan førarkort då politiet hadde kontroll i Volda sentrum måndag kveld.
Publisert: 26.08.2019 kl 16:10 - Oppdatert: 26.08.2019 kl 16:24
Politiet melder om ei trafikkulukke mellom bil og moped i Ristevegen på Rotset.