Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 29.09.2019 kl 11:00
Det kalla Odd A. Folkestad (Uavh.) kommunestyret sitt vedtak om at symjehall skal byggjast så snart som mogleg. – Ny ungdomsskule har vi allereie prioritert høgt, og no kan vi også seie at arbeidet med symjehall verkeleg er i gang.
Publisert: 29.09.2019 kl 07:00
Volda-selskapet Oclin AS stod for videoproduksjon og streaming av Årets Unge Kokk og Årets Kokk 2019 for Bocuse d'Or Norge.
Publisert: 28.09.2019 kl 14:00
Volda-ordførar Jørgen Amdam er glad for at styret vedtok å utsetje avgjerda om Volda som traumesjukehus, men meiner diskusjonen må opp på nasjonalt nivå. – Det er den nasjonale traumeplanen som skal vere førande i dette spørsmålet, ikkje føretaksgrensene.
Publisert: 28.09.2019 kl 12:00
Ordførar i Hornindal, Stig Olav Lødemel, seier uttalane frå fagdirektøren i Helse Møre og Romsdal og adm. dir. i Helse Førde syner meir omsyn til føretaksgrenser og økonomi enn til pasientane sitt beste i vurderinga av Volda som traumesjukehus.
Publisert: 28.09.2019 kl 11:00
Slik beskriv styreleiar i Helse Møre og Romsdal, Ingve Theodorsen, arbeidet for å rydde opp i økonomien i helseføretaket. - Vi må få økonomien i orden for å kunne gje gode og trygge tenester til alle.
Publisert: 28.09.2019 kl 10:00
Jørund Knardal i Folkeaksjonen for Volda sjukehus trur utsettingsvedtaket vil føre til at Volda får traumefunksjon. – Administrasjonen skal kome attende med svært sterke argument dersom dei legg fram same tilråding på ny.
Publisert: 28.09.2019 kl 07:00
Endeleg opnar dørene til den tradisjonsrike serveringsstaden i Volda att. Det Grøne Treet får eit nytt konsept, og skal vere ein plass for alle.
Publisert: 27.09.2019 kl 07:00
Søndag deltok KFUM Volda volleyball sitt elitelag i øvste klassa i opningsturneringa i Bergen saman med tre lag frå elite- og 1. divisjon. Volda slo til og gjekk sigrande ut av turneringa.
Publisert: 26.09.2019 kl 07:00
Dei tolv millionar kronene som bilistane har betalt inn i overskot for Eiksundsambandet, skulle gå til vegtiltak på begge sider av tunnelen. No har fylkesutvalet vedteke at alt skal gå til Selvågtunnelen og ein turveg på Haddal.
Publisert: 25.09.2019 kl 07:00
Inge Kolås (Frp) vil gjere sjukeheimane i Ørsta kommune meir attraktive for born og unge å besøke.
Publisert: 24.09.2019 kl 07:00
ATL viser til lange ventelister for førarprøver og skuldar på sensorane. No reagerer vegvesenet: – Dette er rein og skjær propaganda. Vi opplev ein reduksjon i bemanninga samtidig som at sensorane får fleire pålagde oppgåver. Likevel står dei på og gjer ein god jobb.
Publisert: 23.09.2019 kl 07:00
Det har vore ein god sommar for fleire av hotella på søre og i Hornindal – og Noregsferie vert stadig meir populært blant nordmenn.
Publisert: 22.09.2019 kl 07:00
I gjennomsnitt vert det tatt 426 prøver per sensor kvart år på landsbasis, det vil seie under to førarprøver om dagen. Dette skaper lange ventelister på trafikkstasjonar landet over – også lokalt.
Publisert: 21.09.2019 kl 13:00
Brua over elva på gangvegen ved Extra Rotset vert stengt frå måndag morgon og nokre dagar framover.
Publisert: 21.09.2019 kl 07:00
Volda kommune har gjort avtale med Mørenett om å heve vegen i Elvadalen i samband med at selskapet skal legge ny høgspentkabel langs strekninga.
Publisert: 20.09.2019 kl 07:00
Folkestad skule har arrangert friluftsveke for fyrste gong, og trass i litt rufsete ver vart dette ei stor oppleving for elevane frå første til tiande klasse.
Publisert: 19.09.2019 kl 07:00
Støyperiet er ein nystarta møteplass for unge vaksne og studentar i Volda Frikyrkje.
Publisert: 18.09.2019 kl 07:00
Torsdag denne veka vil 15 kjøpesenter i landet, frå Svolvær i nord til Mandal i sør, bytte namn til Alti. Dette vert markert lokalt på sentera med stor namnefest og meir.
Publisert: 17.09.2019 kl 07:00
Kari Inger Vik Straume har vore engasjert i Det Hvite Bånd sidan ho var 24 år. Høgdepunktet opplevde ho i sommar, då ho kledd i Sunnmørsbunad fekk bere fram det norske flagget på verdskongressen i Helsinki.
Publisert: 16.09.2019 kl 07:00
Både Ørsta kommune, Møre og Møre-Nytt brukar omgrepet Dalane med stor D ganske så flittig. Har «Dalane» blitt eit nytt stadnamn i Ørsta kommune, eller har det alltid vore det? Eller brukar vi omgrepet heilt feil?
Publisert: 15.09.2019 kl 07:00
– Fleire eldre burde engasjere seg. Dei er ein viktig ressurs både i politikken og på andre samfunnsarenaer, seier Odd. A Folkestad (79), som også slår eit slag for fleire unge, og særleg kvinner, i lokalpolitikken.
Publisert: 14.09.2019 kl 07:00
Pål Ruben Seljeset Tomasgard (27) er saman med Henning Holsvik (29) dei einaste under 30 år i nye Volda kommunestyre. 27-åringen vil bidra med nye tankar og idear, og vise dei yngre at dei har mykje å tilføre i politikken.
Publisert: 13.09.2019 kl 07:00
Ørsta kan miste restaurant- og matfaglinja til Herøy, men politikarane i Ørsta kommunestyre vil kjempe for å behalde alle tilboda ved skulen.
Publisert: 12.09.2019 kl 09:50 - Oppdatert: 12.09.2019 kl 09:52
I dag startar den årlege animasjonsfestivalen i Volda. Blant gjestane er det ein Emmy-prisvinnar og fleire andre store namn frå animasjonsbransjen.
Publisert: 12.09.2019 kl 07:00
Det nye kommunestyret i Volda er svært mannsdominert – berre sju av representantane er kvinner. – Kvar vert kvinneperspektivet av? Det kjem til å verte rovdrift på dei få kvinnene som er valt inn, seier Sølvi Dimmen (Sp).