Annonse
Vil skjerme Musikklinja og KDA

Fleirtalet i fylkesutvalet snur:

Vil skjerme Musikklinja og KDA

Publisert: - Oppdatert: 27.11.2019 kl 14:47

Etter møtet i fylkesutvalet tysdag kan det verke som at fylket snur i skulekutt-saka. Fleirtalet vil halde oppe fleire av skulefaga som fylkesrådmannen har føreslege å leggje ned. Men saka er ikkje avgjort før i desember.

Volda til judo-NM junior i Bærum

Volda til judo-NM junior i Bærum

Publisert:

16.-17. november gjekk Junior-NM i judo av stabelen i Nadderudhallen i Bærum. Ippon Judoklubb var arrangør. Volda judoklubb var ein av deltakarklubbane.

Universet fengjer skuleelevane

Universet fengjer skuleelevane

Publisert:

4. klasse ved Bratteberg skule besøkte Kometland tysdag, for å lære meir om solsystemet vårt. – Dette temaet har fengja veldig, seier kontaktlærar Ingvild Hasle.

Kaihuset feirar 20 år

Kaihuset feirar 20 år

Publisert:

Ungdomshuset i Ørsta feirar jubileumsveke med konsertar og mykje anna kjekt på tapetet neste veke.

- Volda har eit stort potensiale

- Volda har eit stort potensiale

Publisert:

Forutsigbarheit, kvalitet over kvantitet, bustadar og ikkje-plasskrevjande handel i sentrum er viktige nøkkelord. - Det er mykje folk og kjøpekraft i Volda, og som kommune, næringsliv og forbrukarar har vi alle eit ansvar. Vi må leggje til rette for handelen i sentrum og ta vare på alt det ...

- Det vert eit stusseleg samfunn utan estetiske fag

Frisør, blomster og interiør i faresona:

- Det vert eit stusseleg samfunn utan estetiske fag

Publisert:

Rekordmange ungdomsskuleelevar var på hospitering ved Ørsta vgs torsdag, og Design og handverk var godt besøkt. Linja, som neste haust bytar namn til Frisør, blomster- og interiørdesign, er ei av fleire linjer som står i fare for å verte kutta.

Rekordmange på hospitering ved Ørsta VGS

Rekordmange på hospitering ved Ørsta VGS

Publisert:

Denne veka har om lag 280 ungdomsskuleelevar frå heile Søre og Hornindal fått prøve seg som elevar ved dei seks utdanningsløpa til Ørsta VGS.

Jernia-opning vart suksess

Jernia-opning vart suksess

Publisert: - Oppdatert: 22.11.2019 kl 13:20

Torsdag var det duka for opning av Jernia på Spinneriet. Butikken trakk store mengder folk og vart teke svært godt i mot av voldingane.

Observatoriet tek form

Observatoriet tek form

Publisert:

Det vart oppdaga noko skeivheit i konstruksjonen til det nye observatoriet ved Kometland. No er dette retta opp i, og Knut B. Aarseth gler seg til opning av det store teleskopet på nyåret.

Som sild i tønne for bruktski

Som sild i tønne for bruktski

Publisert: - Oppdatert: 21.11.2019 kl 08:40

Det var nærast Beatles-tilstandar for Alpingruppa sitt årvisse sal av bruktski på laurdag. Meir enn 400 ulike ski- og vintersportsartiklar vart levert inn til skibyttedagen, og det vart omsett for om lag 70.000 kroner.

Åkerblå kjøper 49 prosent av MarinHelse

Åkerblå kjøper 49 prosent av MarinHelse

Publisert:

15. november 2019 – Åkerblå Group, som har kontor i Volda, har inngått ein avtale om å kjøpe 49 prosent av aksjane i MarinHelse AS. Samtidig styrker selskapa deira felles stadvere i dei tre nordlegaste fylka i landet.

Klar for opning av Jernia

Klar for opning av Jernia

Publisert:

Torsdag opnar den nye Jernia-butikken på Spinneriet.
- No går vi all-in og satsar her i Volda, så får vi håpe at folk tek godt i mot oss.

Vil kjempe for Globalskulen i Volda

Vil kjempe for Globalskulen i Volda

Publisert:

Med Regjeringa sine kuttforslag vil 200 færre born få tilbod om undervisning gjennom Globalskulen. Arbeidarpartiet har lagt inn tre millionar kroner til skulen i sitt alternative statsbudsjett, og jobbar no for å få fleirtal for budsjettalternativet.

Ose AS ser moglegheitene – og satsar

Ose AS ser moglegheitene – og satsar

Publisert:

Frå 1965 til i dag har ingeniørkontoret vekse frå fire til heile 21 tilsette, og dei satsar stort nasjonalt. No har dei flytta til større lokale i Ørsta og dei er absolutt rigga for vidare vekst.

I dag opnar kunstutstilling på Spinneriet

I dag opnar kunstutstilling på Spinneriet

Publisert:

Torsdag 14. november opnar Volda og Ørsta kunstlag ei spennande salsutstilling på Spinneriet i Volda. Denne gongen blir verk av i overkant av 30 kjende kunstnarar presenterte og lagde ut for sal.

Tilboda klare for Dalevegen 24

Tilboda klare for Dalevegen 24

Publisert:

Entreprenøren Ivar Aambakk sit klar, med det hittil beste tilbodet på 36,887 millionar kroner. Ørsta kommunestyre handsamar saka 21. november.

Viste kjærleiken til folkemusikken

Åsmund Farstad (17) helt solokonsert i Svormuseet:

Viste kjærleiken til folkemusikken

Publisert:

Publikum strøydde om seg med lovord etter konserten med Åsmund Farstad i Svormuseet under Kulturnatt i Nordfjord.

Høydal vart Sunnmøres eldsjel 2019

Høydal vart Sunnmøres eldsjel 2019

Publisert:

John Ove Høydal i Volda TI Fotball vart i helga kåra til «Sunnmøres eldsjel 2019». Han vert av Volda TI Fotball beskriven som både Mr. Volda, Mr. Dugnad og Mr. Altmoglegmann.

Fryktar sprengt kapasitet allereie før byggjestart

Fryktar sprengt kapasitet allereie før byggjestart

Publisert:

Sæbø barnehage skal byggjast for maks 39 born, men langt fleire born treng barnehageplass neste haust. Kommunestyret reagerer og på den stramme kostnads- og arealramma i prosjektet. – Vi må tenke framover. Om ein vil ha tilflytting til Sæbø er barnehageplass eit minimum.

– Skal bruke meir tid med familien

Lensmann Guttorm Hagen (61) vert pensjonist:

– Skal bruke meir tid med familien

Publisert:

Etter 40 år som politimann og 14 år som lensmann gir Guttorm Hagen seg. Han er spesielt glad for det gode samarbeidet med dei andre etatane og dei frivillige organisasjonane, og for at trafikkulukkene mellom ungdom har vorte reduserte.

Tverrpolitisk semje for fortgang i klimatiltak

Klima på dagsorden i Ørsta:

Tverrpolitisk semje for fortgang i klimatiltak

Publisert:

I klimaplanen er det 87 tiltak, og nesten ingen er gjennomførte. No har politikarane fått nok, og dei bed om at konkrete tiltak vert baka inn i neste års budsjett.

Kjeppar i hjulet for den tradisjonsrike rånekulturen?

Ny skiltplan i Ørsta:

Kjeppar i hjulet for den tradisjonsrike rånekulturen?

Publisert:

– At nokon rånar i ein bygdeby på Vestlandet burde tolererast utan tiltak som stengde gater, som berre vil påføre andre delar av sentrum større trafikk, meiner Idar Vatne (Frp). – Nattebråk er pur faenskap, seier Gunnar Knutsen (V).

Gjentek suksessen med pepperkakelandsby

Gjentek suksessen med pepperkakelandsby

Publisert:

Volda pepperkakelandsby opnar dørene søndag 1.desember i hovudetasjen på Spinneriet. Arrangørar av Volda pepperkakelandsby er Trivsel i Sentrum, ei gruppe frivillege som ønskjer å skape aktivitet og trivsel i Volda.

– No kan historia leve vidare

Ny nærings- og kultursoge for Ørsta:

– No kan historia leve vidare

Publisert:

Nærings- og kultursoge for Ørsta, 1837-1915, er på veg ut i bokhandlane. – Kvart einskild menneske har si eiga historie, og det som ikkje vert skrive no, vert ikkje skrive.

Fuglane klare for «syden»?

Fuglane klare for «syden»?

Publisert:

Det kan sjå ut som om desse fuglane har samla seg for å ta fatt på reisa sørover. Skal dei heim til varmen eller er det ferie som står for tur?