Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 28.05.2020 kl 10:00
SkOlsen i Volda har fått inn mange nye lekre vår- og sommarsko. Her finn ein lette kvalitetssko med god demping for ei kvar anledning. Dei tilsette i butikken har også mange gode råd for å få skoa til å vare og halde seg fine lenger.
Publisert: 27.05.2020 kl 07:00 - Oppdatert: 28.05.2020 kl 07:19
32 personar kom på den andre gudstenesta som vart arrangert i Volda kyrkje etter koronapausen på to månadar.
Publisert: 26.05.2020 kl 14:25 - Oppdatert: 26.05.2020 kl 14:27
Det er gått to månader sidan siste smittetilfelle i Ørsta kommune. Det vitnar om at vi samla sett har vore flinke og gjort gode tiltak for å hindre stor smittespreiing i vår kommune, skriv Ørsta kommune i ei pressemelding.
Publisert: 26.05.2020 kl 07:00
Nordplan AS har, på vegne av Standal knuseverk AS, varsla oppstart av privatdetaljregulering av massetaket på Standal. Føremålet med reguleringsplanen er å gjere grep som sikrar at vidare drift på Standal knuseverk kan vere betre tilpassa lovverk, terreng og marknad.
Publisert: 25.05.2020 kl 10:19
Av totalt 369 koronaprøver i Ørsta, er det seks positive prøver.
Publisert: 25.05.2020 kl 07:00
Ved Vienna mote i Volda finn ein moteriktige kvalitetsklede som ingen andre her omkring har, og noko for ein kvar smak. No har butikken fått inn ein ny og fresh vårkolleksjon og mange nye selskapskjolar til sommarfesten.
Publisert: 24.05.2020 kl 07:00
Olav H. Hauge-senteret og Hardanger folkemuseum heidrar Hilde Myklebust med Diktartavla. Når Myklebust får si diktartavle på Diktarstien på Utne 12. september, går ho inn i rekkja av viktige poetar i vår tid.
Publisert: 23.05.2020 kl 07:00
Vanlegvis kan ein høyre ville jubelrop frå svenskar, danskar, finnar, tyskarar og engelskmenn i norske lakseelvar om sommaren. I år vert det godt om plassen når om lag ti tusen lakseglade utanlandske turistar truleg må stå over noregsreisa.
Publisert: 22.05.2020 kl 07:00
Ørsta kommune støttar oppropet «Evakuer borna frå Moria», og krev at Noreg skal vere ein pådrivar for at menneskerettane blir overhaldne i europeiske flyktningleirar, og at grunnleggjande behov blir dekt.
Publisert: 21.05.2020 kl 07:00 - Oppdatert: 21.05.2020 kl 15:16
Kommunestyret i Ørsta har vedteke arrangerer ein open idedugnad om jordvern innan mai 2021. Forslaget vart fremja i ein interpellasjon frå Magnar Hjærtenes (SV). – Å bevare matjorda vert viktig i framtida.
Publisert: 20.05.2020 kl 07:00
19. mai er det 30 år sidan Liv Leira starta Femina Damekolleksjon i Vikegata i Ørsta, ein liten nisjebutikk som gjennom åra har vekse og utvikla seg i tråd med tida. No er det tredje generasjon som driv den populære klesbutikken.
Publisert: 19.05.2020 kl 13:00
Sjølv om det var snø og kaldt førre veke, har gravearbeidet ved Prestholmen gått for fullt. Snart skal det byggjast dyrkingsbenkar til grønsaker og blomar i det gamle drivhuset. – Alle som vil kan vere med å dyrke eigne grønsaker her. Dette skal vere ein plass for å lære, og berre vere.
Publisert: 19.05.2020 kl 09:21
Alle dei 54 testane som vart teke i Ørsta førre veke har kome tilbake med negativt smitteresultat.
Publisert: 18.05.2020 kl 15:20 - Oppdatert: 18.05.2020 kl 20:49
Måndag klokka 11.51 gjekk fonna frå Noklane på Standaleidet, ved inngangen til Kvanndalen.
Publisert: 18.05.2020 kl 14:30 - Oppdatert: 19.05.2020 kl 11:43
I dag, måndag, er det teke 20 koronaprøver i Ørsta kommune. Det er totalt teke 329 testar i kommunen.
Publisert: 18.05.2020 kl 07:00
I vekene fram til sommarferien vil det bli møte på Volda bedehus kvar onsdag. På grunn av regelen om ikkje å samle meir enn 50 personar, vil det bli påmelding føreåt.
Publisert: 16.05.2020 kl 20:00
Bebuarane ved Volda omsorgssenter vart fredag overraska med barnetog frå fleire hald. Born frå Engeset barnehage, Øyra barnehage og Øyra skule tok turen for å gå i tog rundt huset, veive med dei norske flagga, rope «hipp, hipp» og syngje for dei eldre.
Publisert: 16.05.2020 kl 16:00
Med all snøen som har lava ned dei siste dagane, er det nok for tidleg å pakke ned ullkleda. Ull kan dessutan nyttast heile året, og ved Varmesen i Volda finn ein gode og miljøvenlege ullplagg til alle årstider – og mykje meir.
Publisert: 16.05.2020 kl 07:00
Det er blitt tradisjon at 4. klasse i Volda syng «Nordmannen», betre kjent som «Mellom bakkar og berg», ved paviljongen på Nasjonaldagen. Det fjerde verset er skrive om til ein rap av Runar Gudnason, som tek notidas nordmann på kornet. I år har alle fjerdeklassene og andre voldingar bidrege...
Publisert: 15.05.2020 kl 13:35
Til no har 310 personar testa seg for koronasmitte i Ørsta kommune. Det er ikkje påvist nye positive prøver sidan 25. mars i Ørsta.
Publisert: 15.05.2020 kl 07:00
Mathilde Marselie Sjøhelle Eiksund (22) frå Volda er valt inn i Universitetsstyret ved NTNU som éin av to studentrepresentantar. Styrevervet er blant dei gjævaste studentpolitiske verva ein kan bli valt inn i.
Publisert: 14.05.2020 kl 07:00
Øen Kuldeteknikk AS i Hornindal har nyleg inngått si andre kontrakt innanfor RAS teknologi for produksjon av settefisk på land. Kontrakten er inngått med Scale AQ i Trondheim og sluttkunden er Norway Royal Salmon i Dåfjord i Troms. – Det er ei ære å bli valt som leverandør i konkurranse...
Publisert: 13.05.2020 kl 14:19
17.mai-komiteen oppmodar alle i bygda til å kle på seg finstasen og lage ei så høgtidsam feiring som mogleg kvar for seg. I tillegg til brannbilen si ferd gjennom bygda, vil også korpset dukke opp fleire stader.
Publisert: 13.05.2020 kl 07:00
Ørsta kommune opnar for at det kan gjennomførast arrangement med opp til 50 personar til stades, inkludert arrangør og deltakarar, og organisert idrett med inntil 20 personar – men med minst éin meter avstand til kvarandre.
Publisert: 12.05.2020 kl 07:00
I år måtte Bygdepride nøye seg med ei digital markering, men neste år blir det Bygdepride med parade, konsertar, film, debattar og foredrag. Arrangørane fortel at den store oppslutninga og alle dei positive tilbakemeldingane gir dei motivasjon til å halde fram.