Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 02.04.2020 kl 10:01
Alle prøvene som er teke denne veka og som Ørsta kommune har fått svar på, er negative. Talet på smitta er dermed uendra - fem stykk.
Publisert: 02.04.2020 kl 07:00
Etter at korona-restriksjonar vart sett i verk, har både fastlegar i Volda og sjukehuset oppleve ein nedgang i tal på pasientar. - Vi står klare til å ta i mot alle som har behov for helsehjelp. Våg å ta kontakt, og bruk dei vanlege kanalane.
Publisert: 01.04.2020 kl 15:23
I dag er det teke sju koronaprøver i Ørsta. Svara på dei 14 prøvene frå måndag har kome tilbake, alle negative.
Publisert: 01.04.2020 kl 09:45 - Oppdatert: 01.04.2020 kl 09:47
Ørsta kommune har fått svar på dei 14 prøvene som vart teke måndag, og alle desse var negative.
Publisert: 31.03.2020 kl 15:46 - Oppdatert: 01.04.2020 kl 08:51
Samfunnsutvalet i Ørsta valde tysdag å utsette handsaming av dispensasjonssøknad for heilårsturveg til Åmskaret. Det vert peika på at området går over dyrkbar jord, at ikkje landbruksutvalet har handsama saka, samt at ein ikkje har fått klarsignal frå alle grunneigarane i området.
Publisert: 31.03.2020 kl 09:46
Måndag vart det teke 14 koronatestar i Ørsta kommune, som ein no ventar svar på. Talet på smitta er framleis uendra.
Publisert: 31.03.2020 kl 07:00
Ved båtmoloen i Volda sentrum har det gått hol på eit kloakkrøyr, og endene som held til ved Mega ser ut til å glede seg over innhaldet som siv ut i fjorden. Måndag tok Volda kommune grep.
Publisert: 30.03.2020 kl 16:00 - Oppdatert: 30.03.2020 kl 17:04
Ørsta kommune har motteke søknad frå Åmskarets venner om løyve til å byggje om skiløypa, frå lysløypa til Åmskaret ved Bondalseidet, til heilårsturveg.
Publisert: 30.03.2020 kl 13:09
Ørsta kommune tek sikte på å verte sjølvforsynt med ansiktsvisir til helsetenesta med hjelp frå Velle skule.
Publisert: 30.03.2020 kl 09:55
Alle dei fem prøvene frå torsdag og fredag som vart teke i Ørsta er kome tilbake negative.
Publisert: 27.03.2020 kl 07:00
– Det viktigaste eg kan gjere no er å halde meg frisk slik at eg kan halde butikken open. Eg er svært takksam for alle som kjem innom for å handle, og set stor pris på å kunne tilby varer som folk etterlyser i desse dagar, seier Inger Annette Bjørneset.
Publisert: 26.03.2020 kl 16:20
I samband med koronasituasjonen er trafikken på ferjene i fylket sterkt redusert. På dei fleste sambanda har trafikken gått ned med rundt 60 prosent. Foreløpig har fylkeskommunen bestemt at fire ferjer blir tatt ut av rute frå måndag 30. mars.
Publisert: 26.03.2020 kl 14:10 - Oppdatert: 26.03.2020 kl 15:51
I dag er det berre ein person som har testa seg for koronaviruset i Ørsta kommune. Til og med torsdag denne veka er det testa 19 personar.
Publisert: 26.03.2020 kl 13:45 - Oppdatert: 26.03.2020 kl 15:24
Eit fem meter breidt ras gjekk over dei to inntakskummane til Dravlaus vassverk. Kommunen har arbeidd på spreng med å reinse kummane, og no er vassforsyninga tilbake som normalt
Publisert: 26.03.2020 kl 10:20 - Oppdatert: 26.03.2020 kl 10:39
Hittil har det blitt teke 120 prøver i Ørsta kommune, til og med 25. mars, og av desse er det fem positive prøvesvar.
Publisert: 25.03.2020 kl 14:47
Alle skriftlege eksamenar i vidaregåande og i grunnskulen er avlyst for elevar. Elevane får fullverdig vitnemål sjølv om skriftleg eksamen er avlyst.
Publisert: 25.03.2020 kl 13:00
- Det er tøffe tak for tida, også for frivillige lag og organisasjonar i regionen vår. Det aller meste av aktivitetar er lagt på is, store og små arrangement er avlyst, og situasjonen kan verke uoversiktleg for mange. Vi har difor gjort nokre grep for kome desse utfordringane i møte, seier...
Publisert: 25.03.2020 kl 12:45 - Oppdatert: 25.03.2020 kl 13:50
Ørsta kommune har fått tilbake prøvesvara på dei seks prøvene som vart tatt måndag: Ei ny positiv prøve og fem negative. Dette betyr at Ørsta kommune i alt har fem positive korona-prøver per i dag.
Publisert: 24.03.2020 kl 18:00
Sparebankstiftinga Sparebanken Vest har vedteke å opprette eit ekstraordinært Korona-fond på 100 millionar kroner. Dette for å kunne støtte lag og foreiningar på Vestlandet som vil tape pengar eller gå glipp av inntekter på grunn av koronaepidemien.
Publisert: 24.03.2020 kl 15:24
Tysdag har fem personar testa seg for koronaviruset i Ørsta. Kommunen ventar på svar frå seks prøver som vart teke måndag.
Publisert: 24.03.2020 kl 11:19
Måndag vart seks personar testa for koronaviruset i Ørsta. Talet på smitta er framleis uendra, med fire positive prøver totalt. Alle 87 prøver frå førre veke er negative.
Publisert: 24.03.2020 kl 07:00
Forretningar over heile Noreg merkar koronakrisa, også handelsstanden i Volda. Ved Skin Tonic Volda og Kle & kaffi er det lite aktivitet som følgje av koronasituasjonen.
Publisert: 23.03.2020 kl 16:00
Førre veke vedtok kriseleiinga ved HVO at alle eksamenar som krev fysisk frammøte skal endrast til alternative digitale eksamensformer. Som ein konsekvens av dette vert også all undervising gjennomført digitalt resten av semesteret.
Publisert: 23.03.2020 kl 12:15
Ørsta vel i samråd med kommuneoverlegen å ikkje innføre lokalt reiseforbod per no.
Publisert: 23.03.2020 kl 11:05 - Oppdatert: 23.03.2020 kl 11:12
I Ørsta kommune vart det i førre veke testa 87 personar. Alle desse prøvene frå førre veke er negative. Det vil seie at talet på smitta er uendra, og at det framleis er fire tilfelle i Ørsta.