Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 11.05.2020 kl 15:32
Tine Meieriet i Ørsta har ikkje merka noko store endringar i salet av sine produkt grunna covid-19. Men dei har i ei periode hatt ein svært høg produksjon grunna ei kampanje på kremgo-osten. No går produksjonen av edamer-ost til jul for fullt ved meieriet.
Publisert: 11.05.2020 kl 07:00
Kommunestyret vedtek å starte opp forprosjekt med utgreiing av utbygging ved Ørsta ungdomskule. Forprosjektet skal greie ut om delar «gamle» Ørstahallen kan erstattast med klasserom/skuleareal eller om anna utbygging er meir tenleg.
Publisert: 10.05.2020 kl 07:00
I tråd med resten av samfunnet opnar kyrkjene gradvis opp att. Volda kyrkje ser fram til å opne dørene og invitere til gudsteneste Kristi Himmelfartsdag, torsdag 21. mai.
Publisert: 09.05.2020 kl 20:00 - Oppdatert: 09.05.2020 kl 20:32
Laurdag er det avslutningsfest ved Møre Folkehøgskule i Ørsta for alle elevane og dei tilsette. Feiringa vert digital, men finstasen skal uansett på. Og elevane vert nok overraska når dei ser seg sjølv i salen likevel.
Publisert: 09.05.2020 kl 07:00
Næringslivet i Ørsta kommune opplev store utfordringar i drifta etter koronautbrotet, og det er dei små som slit mest. Kommunestyret vil løyve éin million kroner frå næringsfondet for å hjelpe næringslivet.
Publisert: 08.05.2020 kl 15:30 - Oppdatert: 08.05.2020 kl 15:31
I dag, 8. mai, er det 75 år sidan dei tyske militære styrkane kapitulerte. I Volda braut jubelen laust med tog og feiring i gatene. Ove Krumsvik har samla saman video og bilete og laga ein flott film frå maidagane i Volda, 1945.
Publisert: 08.05.2020 kl 07:00
Volda kyrkjelege fellesråd har fått prinsippgodkjenning frå Riksantikvaren til å leggje rullestolrampe ved hovudinngangen til Volda kyrkje.
Publisert: 07.05.2020 kl 07:00
I konkurranse med nærare 150 andre søkjarar var Louise Engeseth ein av mottakarane av TEFT-stipend 2020 frå Sparebanken Møre. Saman med 15 andre unge talent mottok dei i år til saman 800.000 kroner i TEFT-stipend.
Publisert: 06.05.2020 kl 09:42
Så langt i veke 19 er det tatt prøve av 16 personar, som kommunen ventar svar på.
Publisert: 06.05.2020 kl 09:36
Det vert jobba med å leggje planar for 17. mai i Ørsta. Gatene vert pynta som normalt, men det vert ei annleis feiring med digitale arrangement, felles synging av Nasjonalsongen, korpsmusikk og mogleg småleikar for born.
Publisert: 05.05.2020 kl 07:00
Det har no gått ei veke sidan elevane i 1.–4. trinn fekk kome tilbake til skulebenken, og ved Bratteberg skule har elevane funne seg godt til rette i ein annleis kvardag med nye rutinar. – Det er heilt topp å vere tilbake, synest elevane i 1. klasse.
Publisert: 04.05.2020 kl 14:30 - Oppdatert: 04.05.2020 kl 14:38
Alle prøvene frå onsdag og torsdag i Ørsta kommune har kome tilbake negative. Det vart teke sju prøver onsdag og 11 prøver torsdag.
Publisert: 04.05.2020 kl 07:00
Formannskapet i Ørsta vil inngå eit samarbeid med Volda om ei plan for framtidige masseuttak i regionen, både for å stette massebehovet og unngå at ein må frakte masse frå andre stadar.
Publisert: 03.05.2020 kl 13:00
Domstolskommisjonen tilrår ein sentralisert domsstolsstruktur som kan føre til at tingretten i Volda og jordskifteretten i Ørsta vert lagt ned, og at kring 15 statlege arbeidsplassar vert flytta til Ålesund. Ørsta formannskap kjem med motsvar til forslaget.
Publisert: 03.05.2020 kl 07:00
Ørsta kommune har fått inn 148 nye søknadar for barnehageplass til hausten, men manglar 25-30 plassar. Kommunen vil nytte omsorgsbustadar ved Hjørundfjordheimen som midlertidig barnehage, men politikarane i formannskapet vil utgreie fleire alternativ.
Publisert: 02.05.2020 kl 13:00
Ørsta ungdomsskule går frå 315 i dag til 400 elevar hausten 2022. Formannskapet vedtek å løyve kr. 700.000 til forprosjekt i 2020, for å greie ut ei snarleg utbygging av skulen.
Publisert: 02.05.2020 kl 07:00
Dette spørsmålet kom opp då Ørsta formannskap handsama ei sak om fuktskadar ved Ørsta ungdomsskule. Kommunen må ut med 1,8 millionar kroner for å rette opp i problemet, då forsikringa ikkje dekkjer ei krone.
Publisert: 01.05.2020 kl 13:00
Det nærmar seg: 1. mai startar Stikk UT!-sesongen 2020! I år med heile 436 turmål i 24 av kommunane i Møre og Romsdal. Frå i år er også Sykkylven og Vanylven med, i alt blir det 220 turmål å velje i på Sunnmøre.
Publisert: 01.05.2020 kl 07:00
Natt til 1. mai startar russetida offisielt, men i år vert det ei russetid utanom det vanlege. No håpar russen i Volda og Ørsta på å utsetje den tradisjonsrike feiringa til midten av juni.
Publisert: 30.04.2020 kl 14:45 - Oppdatert: 30.04.2020 kl 14:47
I dag, torsdag, er det teke 11 koronaprøver i Ørsta. Dei 17 prøvene som vart teke måndag og tysdag var negative. Til saman er det teke 238 prøver i Ørsta, men i tida framover kan enda fleire bli testa.
Publisert: 30.04.2020 kl 13:05 - Oppdatert: 30.04.2020 kl 13:13
Widerøe starta onsdag eit omfattande arbeid med å redusere tal på salbare seter til 50% på alle Widerøes ruteflygingar. Ein må difor rekne med at det vert færre billettar til høgare pris, og mogleg reduserte avgangar, ei tid framover.
Publisert: 30.04.2020 kl 07:00
Trubadur Sigbjørn «Siggen» Follestad gleda bebuarane ved omsorgssenteret og Fjordsyn med utekonsert i sola tysdag. – Endeleg skjer det noko igjen, jubla bebuarane.
Publisert: 29.04.2020 kl 15:57
I dag, onsdag, er det teke sju koronaprøver i Ørsta. Kommunen ventar svar på den fem prøvene frå i går.
Publisert: 29.04.2020 kl 15:43
Odd Magne Vinjevoll informerte om stoda i næringslivet etter koronautbrotet i formannskapet tysdag. – Situasjonen er dramatisk for fleire. Mange er bekymra for drifta si framover og det er dei små bedriftene som slit mest.
Publisert: 28.04.2020 kl 10:15 - Oppdatert: 29.04.2020 kl 09:33
Måndag vart det teke 12 koronaprøver i Ørsta kommune, og tysdag vart det teke fem prøver. Hittil er det teke 221 prøver i Ørsta.