Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 17.04.2020 kl 07:00
Redningspakken frå regjeringa hjelp ikkje alpinanlegga, som har måtte stengje drifta midt i høgsesongen. Den pålagde stenginga gjev store økonomiske konsekvensar for Volda skisenter.
Publisert: 16.04.2020 kl 09:55 - Oppdatert: 16.04.2020 kl 09:58
Ørsta kommune har fått svar på fire av ni koronaprøver som er teke denne veka. Desse testane var negative. Talet på smitta er førebels uendra.
Publisert: 16.04.2020 kl 07:00
Frå og med torsdag, 16. april, opnar familievernkontor landet over gradvis for rettleiing og mekling ansikt til ansikt.
Publisert: 15.04.2020 kl 14:20 - Oppdatert: 15.04.2020 kl 14:22
Ørsta og Volda kommunar har i dag endra statistikken sin for smittetilfelle. Ørsta kommune går frå fem til seks tilfelle. Volda kommune går fra seks til fem tilfelle.
Publisert: 15.04.2020 kl 10:15 - Oppdatert: 16.04.2020 kl 08:20
Regjeringa har gått ut med melding om at dei vil opne barnehagane frå 20. april og seinast 27. april, og 1.–4. trinn på grunnskulen og SFO frå 27. april. Volda kommune har starta planlegging for opning av barnehagane og dei aktuelle klassetrinna.
Publisert: 15.04.2020 kl 07:00
Styret bak X2 Festivalen har hive seg rundt og planlagt ein heilt ny type festival. Laurdag er det duka for X2 LIVE, direktesendt studiosending frå Propellhallen i Volda, med konsertar, foredrag, sportar, kåringar, quiz og mykje meir.
Publisert: 14.04.2020 kl 14:47
Det vert vår-teljing av hjort natt til laurdag 18. april og natt til laurdag 2. mai.
Publisert: 14.04.2020 kl 10:21
Til og med måndag 13. april er det teke 172 koronaprøver i Ørsta kommune. Talet på smitta er uendra.
Publisert: 12.04.2020 kl 18:00
Coop Marknad på Lauvstad er nok den staden som kjem tettast på folket på Lauvstad no i denne tida. – Dei fleste er opptekne av å halde seg friske, mange går tur og held seg i aktivitet. I butikken merkar vi også ei stor dugnadsånd.
Publisert: 12.04.2020 kl 07:00
«Ingenting usagt er ei poesisamling frå eit blotta hjarte. Ei bok om dei altoppslukande kjenslene vi alle kjenner på. Om å være ung, sterk og sårbar. Om knuste hjarter, nære vennskap, håp, draumar og eigenkjærleik.»
Publisert: 11.04.2020 kl 13:00
Volda turisthotell har fått fleire avbestillingar frå hotellkundar fram mot sommaren, og held førebels stengt kvar helg. Måndagar til torsdagar derimot, er det nesten fullt belegg ved hotellet.
Publisert: 11.04.2020 kl 11:00
- Målsettingane er å hindre at mange vert smitta samstundes, då dette vil gå mest utover eldre eller andre med dårleg helse, men også for å sikre at vi alltid har nok helsepersonell som kan hjelpe dei som treng helsehjelp og omsorg frå andre, opplyser Ørsta kommune.
Publisert: 10.04.2020 kl 13:00
Fleire vel å avlyse planlagde dåpar og vigslar i kyrkjene i Volda, som følgje på koronautbrotet, men det er framleis mogleg å både gifte seg og døype barnet sitt i kyrkja.
Publisert: 09.04.2020 kl 07:00
Venstrepolitikar Peder Lofnes Hauge (31) og lærar Synnøve Marie Sætre (29) er innstilte som høvesvis leiar og nestleiar i Noregs Mållag.
Publisert: 08.04.2020 kl 07:00
Mange brukar ledig tid dei plutseleg har fått til å gjennomføre prosjekt i heimen. – Salet av byggevarer aukar, og e-handelen har nærast eksplodert etter at pandemien braut ut.
Publisert: 07.04.2020 kl 18:00
Ørsta kommunestyre gjev fullmakt til kriseleiinga i Ørsta kommune om å nytte naudsynte midlar til smitteverntiltak og andre tiltak for å avgrense pandemien. Det er førebels sett av inntil to millionar kroner til dette.
Publisert: 07.04.2020 kl 07:00
Kommunedirektør i Ørsta, Wenche Solheim, informerer om tiltak som er gjort i Ørsta kommune, i høve koronasituasjonen, og korleis dei ulike sektorane, skulane og helsevesenet held seg til desse.
Publisert: 06.04.2020 kl 16:00
Formannskapet vedtok planen for Sæbø skule og barnehage, med ei kostnadsramme på 50–51 millionar kroner. Formannskapet vil utvide arealbruken og ikkje bruke pengar på renovering av paviljongen.
Publisert: 06.04.2020 kl 13:00
Fagleg og dagleg leiar ved Aarseth Trafikkskule, Tore Aarseth, set pris på at Regjeringa no går ut med ein redningspakke til bedriftene. – Den gjev oss ei tryggleik.
Publisert: 06.04.2020 kl 07:00
Dagens krisepakke frå regjeringa hjelp ikkje alpinanlegga, som myndigheitene har pålagt å stenge midt i høgsesongen. Konsekvensen er at Noreg vil stå uten mange alpinanlegg neste sesong.
Publisert: 04.04.2020 kl 18:00
– Det får vere mantraet mitt, seier Jørn Egge lattermildt. Tre gongar salutt på Nasjonaldagen er fast tradisjon i Volda, og Jørn lovar ei god ladning dynamitt også i år.
Publisert: 03.04.2020 kl 15:38
Til og med fredag er det teke 158 prøver i Ørsta kommune, og det framleis fem registrerte smittetilfelle. Ørsta kommune kjem her med informasjon om testing i påska, og situasjonen framover.
Publisert: 03.04.2020 kl 10:11
Av dei 26 prøvene som er teke til og med torsdag, er 24 prøver negative. Ørsta kommune ventar på svar på dei to prøvene som vart tekne i går.
Publisert: 03.04.2020 kl 10:00
Asbjørn Tore Humberset hyllar Volda kommune for å vere raskt ute med å reparere skaden på kloakkrøyret i Øyraelva. – Vi er heldige som har så mange dyktige folk som jobbar i teknisk sektor.
Publisert: 02.04.2020 kl 15:46
I dag er det teke to prøver i Ørsta. Kommunen ventar på svar på dei til saman ni prøvene som vart teke onsdag og torsdag.