Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 23.03.2020 kl 10:33
19. mars vedtok rektor på vegne av Styret ved Høgskulen i Volda ei ny, mellombels forskrift om studium og eksamen grunna Korona-situasjonen. Forskrifta skal sikre studentane sine rettar og gje fagmiljøa moglegheit til å tilpasse undervisning og eksamensform.
Publisert: 23.03.2020 kl 08:48
Som følgje av koronasituasjonen er det innført strenge tiltak for smittevern ved føde- og barselavdelinga i Volda. Far eller annan følgjeperson får ikkje vere på barselavdelinga saman med mor og barn.
Publisert: 23.03.2020 kl 07:00
Tone Rustestuen Aarhus er dagleg leiar for Ung i Volda, ungdomsklubben ved Hamna. – Det er viktig at alle ungdommar held seg heime og ikkje møter kvarandre no i desse koronatider, men ta likevel vare på kvarandre, oppmodar ho.
Publisert: 22.03.2020 kl 07:00
Personalet ved Sollia barnehage vart overraska med kaker og godord frå foreldre på Barnehagedagen. Barnehagen skårar heile 4,9 av 5 poeng i ei ny trivselsundersøking – det trass i at dei som barnehagar over heile landet slit med nok bemanning, og i tillegg er nedleggingstruga.
Publisert: 21.03.2020 kl 16:00
I desse koronatider er det fleire som lurer på om årets 17. maifeiring vert noko av. Det har «Komiteen» gjort noko med, og oppretta arrangementet «17. mai i august» på Facebook.
Publisert: 21.03.2020 kl 07:00
Jonas Krøvel (26) frå Volda spelar i Pom Poko, som er rekna som eitt av Noregs mest lovande band. No er bandet nominert til Spellemannsprisen 2019.
Publisert: 20.03.2020 kl 14:45 - Oppdatert: 20.03.2020 kl 15:08
Sjølv om ikkje Rebecca er den som har det tøffast i denne tida med stengde skular og barnehagar, er ho spente på korleis det blir med ein mann som er på sjøen, heimekontor og to små born. Men ho forstår at det må til.
Publisert: 20.03.2020 kl 14:10 - Oppdatert: 20.03.2020 kl 15:43
Totalt tal på positive prøvesvar på koronasmitte er fire stykk i Ørsta. Det er dermed ikkje påvist fleire smittetilfelle enno.
Publisert: 20.03.2020 kl 09:51
Etter lynnedslag 8. januar har fleire husstandar i området Ulvestadhaugen og Nakken i Ulvestadbygda vore utan internett. Koparnettet vart skada på fleire stadar, og svaret frå Telenor er at dei ikkje vil utbetre nokon feil.
Publisert: 19.03.2020 kl 14:15 - Oppdatert: 19.03.2020 kl 14:18
Talet på smitta er framleis uendra, det vil seie at det framleis er fire stadfesta koronatilfelle i Ørsta. Torsdag har 16 personar testa seg for koronaviruset, melder Ørsta kommune.
Publisert: 19.03.2020 kl 07:00 - Oppdatert: 19.03.2020 kl 08:34
Poliklinikk psykisk helse DPS Volda held naturlegvis fram drifta som før, men i ei anna form. – Alle som har rett til helsehjelp skal få eit tilbod, men nokre pasientar må vente litt ekstra på grunn av karantenar. Vi prioriterer å nå dei som treng det mest, seier seksjonsleiar Hallgrim...
Publisert: 18.03.2020 kl 12:00 - Oppdatert: 18.03.2020 kl 12:13
Tone Rustestuen Aarhus oppretta ei lokal hjelpegruppe for korona på Facebook rett før helga. Gruppa har no over 1.000 medlemmar, og personar som ynskjer å bidra vert oppmoda om å registrere seg i eit frivilligskjema på Volda kommune sine sider. Til no har 53 personar registrert seg.
Publisert: 17.03.2020 kl 15:00 - Oppdatert: 17.03.2020 kl 15:13
Kommunedirektør i Ørsta, Wenche Solheim orienterte om koronasituasjonen i formannskapet tysdag. - Vi er i ein svært krevjande situasjon, og jobbar med å få oversikt på alle område og for å sikre samfunnskritiske funksjonar.
Publisert: 17.03.2020 kl 14:00 - Oppdatert: 17.03.2020 kl 14:08
Det har vore eit valdsamt trykk på NAV Ørsta/Volda dei siste dagane på grunn av koronasituasjonen. 250 nye arbeidssøkjarar har registrert seg, og det er stor pågang i søknadar for statlege ordningar som sjukepengar og dagpengar.
Publisert: 17.03.2020 kl 11:25 - Oppdatert: 17.03.2020 kl 11:25
Det er framleis fire tilfelle av koronasmitte i Ørsta. Desse personane var i same reisefølgje frå utlandet. Prøvesvara frå dei som vart testa før helga er negative, melder Ørsta kommune.
Publisert: 17.03.2020 kl 10:15
Årets russekull i Volda har fått beskjed om å avlyse alle russearrangement inntil vidare. – Vi synest sjølvsagt at dette er utruleg trist, for vi har jo gleda oss til russetida lenge. Men vi vil følgje tiltaka frå myndigheitene, seier russepresident Marius Stinessen Osborg.
Publisert: 16.03.2020 kl 16:15 - Oppdatert: 16.03.2020 kl 16:20
Kommuneoverlegen i Ørsta, Unni Natås, rapporterer at 27 personar har vorte testa i teltet utanfor legesenteret i Ørsta i dag, måndag.
Publisert: 16.03.2020 kl 16:08
Det er fire påviste tilfelle av korona sjukdom i Ørsta. - Personane tilhøyrde same reisefølgje som har vore i utlandet, opplyser konstituert kommunelege i Ørsta, Unni Natås.
Publisert: 16.03.2020 kl 14:15 - Oppdatert: 16.03.2020 kl 14:16
Legesenteret må gjere strenge prioriteringar på kven dei kan ta inn til time. - Det er viktig at telefonlinjene våre er opne for dei som verkeleg treng akutt helsehjelp - også i dei tilfella som ikkje er relatert til den pågåande korona-situasjonen i samfunnet vårt, skriv Ørsta kommune i ei...
Publisert: 16.03.2020 kl 07:00
Ørsta kommunestyre har vedteke å byggje ny skule og barnehage på Sæbø, med SFO, på 1250 kvadratmeter i massivt tre og innan ei kostnadsramme på kr. 35 mill. inkl. mva. No har denne auka med 16 millionar kroner.
Publisert: 15.03.2020 kl 18:00
Frisørsalongen I Saksa i Volda held som alle andre frisørsalongar i Noreg stengt fram til 26. mars. – Vi må ta koronasituasjonen på alvor og bli med på denne felles dugnaden, for vi har ingen å miste.
Publisert: 14.03.2020 kl 13:00
Geiranger bakeri i Volda tek koronasituasjonen på alvor. – Vi har valt å berre tilby «take away» ved bakeriet, og vi har skjerpa hygienerutinane, seier dagleg leiar Gaute Holen.
Publisert: 14.03.2020 kl 07:00
Westre bakeri i Volda merkar godt koronasituasjonen. – Det er nesten ikkje folk i kafeen, men mange er innom ein snartur for å kjøpe brød – brødsalet går unna, fortel Grethe Nybø og Stine-Brith Amundø.
Kledebutikken Vienna Mote i Volda sentrum har ikkje vurdert å stengje butikken per i dag, som følgje av koronaviruset.
Publisert: 13.03.2020 kl 07:00 - Oppdatert: 13.03.2020 kl 11:48
Alle arrangement i regi av kyrkjene i Volda kommune vert avlyste fram til 1.april.