Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 01.03.2018 kl 18:00
Det skal setjast i gang eit prøveprosjekt for kommunar som ønskjer å ta over den offentlege tannhelsetenesta frå fylkeskommunane, og det er interesse frå Nye Volda kommune om å ta del i prøveprosjektet.
Publisert: 27.02.2018 kl 14:27
Dei nye ROP-bustadane på Øvre Rotset er snart klare til bruk, men det er enno ikkje avgjort korleis bemanningssituasjonen skal løysast. Tenesteutvalet for omsorg og helse har sett på fleire scenario for å finne midlar til dette.
Publisert: 26.02.2018 kl 16:23 - Oppdatert: 26.02.2018 kl 16:28
Måndag ettermiddag melder politiet om ein ordensforstyrrelse på Spinneriet i Volda sentrum.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 26.02.2018 kl 13:00
- Juleroser er visst endå ein favoritt, til liks med alt anna av blomster og planter me prøver å setje ned. Dette seier Jofrid Reite og Ragnhild (Tulla) Dale, to av mange som er fortvilte over situasjonen ved Dalsfjord Kyrkjegard.
Publisert: 24.02.2018 kl 18:00
Odd A. Folkestad (FrP) sette fram tanken om bompengar i Furene-rundkøyringa som eit kompromiss i staden for bomplassering på Klippa og i Hovdebakken. Dette appellerte til fleire på Volda-sida av bordet, men vart kontant avvist frå Ørsta.
Publisert: 24.02.2018 kl 13:00
Det vart eit steg fram og eit attende då formannskapa i Volda og Ørsta møttest til fellesmøte. Dei er samde om å fortsetje dialogen, men ingen firte på krava. Ørsta held fast på kravet om planleggingsmidlar til Ørstafjordkryssing, og dei går ikkje med på bom i Ørsta, slik Volda krev.
Publisert: 23.02.2018 kl 13:28
For andre året på rad vart «Livleg laurdag» arrangert på Volda Samfunnshus under Veka. Responsen var veldig god. Borna stod gladeleg litt i kø for å hoppe.
Publisert: 22.02.2018 kl 14:30
Volda kommune og Opplysningsvesenets fond er samde om ein leigeavtale for Prestegarden. Om leigeavtalen vert godkjend vil den gjelde i ti år frå 1. mars, og ein kan byrje arbeidet med å gjere bygget klart til å ta imot Gnisten dagsenter.
Publisert: 21.02.2018 kl 13:00
Då Stig Ulv fekk invitasjon til å spele i Ulvestadbygda, var han ikkje sein. Torsdags kveld sat ei stor forsamling med både unge og eldre, klar til konsert på Vesttun/Ulvestad Barneskule for å høyre musikken hans, der ungane ved skulen fekk vere oppvarmingsband!
Publisert: 20.02.2018 kl 13:00
Teknisk avdeling i Volda kommune har orientert formannskapet om behovet for flaumsikring i tre av elvane i sentrum. – Vi ser føre oss at kostnadane kan kome opp mot kr. 50 millionar, seier teknisk sjef, Rune Totland.
Publisert: 19.02.2018 kl 13:17 - Oppdatert: 19.02.2018 kl 13:58
Måndag ettermiddag melder politiet om eit trafikkuhell i Røyslidvegen i Volda. Tre er sendt til sjukehus for sjekk, men ingen er alvorleg skadde.
Publisert: 19.02.2018 kl 12:57
SpareBank 1 Søre Sunnmøre legg fram eit konsernresultat på kr. 93,7 mill. for 2017, opp frå kr. 91,9 mill. i 2016. Eigenkapitalavkastninga vart 9,9%, ned frå 11,3% i 2016. – Vårt fokus har vore å styrke lønsemda og soliditeten, seier administrerande direktør, Stig Brautaset.
Publisert: 17.02.2018 kl 18:00
Sjukehuskoordinator ved Volda sjukehus, Knut Nautvik, trur det vil skape store utfordringar for sjukehuset dersom planane om eit nytt sengebygg vert forletne, eller utsette på ubestemt tid.
Publisert: 17.02.2018 kl 13:00
VTI Fotball arrangerer Volda Bilmesse i Mørehallen i april. Over 100 store og små køyretøy vert stilte ut under messa.
Publisert: 17.02.2018 kl 07:00
Leiargruppa i Helse Møre og Romsdal HF rår styret til å gå for ei stegvis utvikling av sjukehuset i Volda i staden for eit eige sengebygg slik dei tilsette ved sjukehuset ynskjer. Grunnen er manglande økonomi.
Publisert: 16.02.2018 kl 15:16
I dag vart Harnet S. Araya og Efrem K. Weldemariam første par som er vigde i Volda rådhus av ordførar Jørgen Amdam. Den to månader gamle sonen fekk også vere med under vigselen.
Publisert: 16.02.2018 kl 13:27
Formannskapet i Volda kommune har vedteke ein spelemiddelgaranti på 30 millionar kroner og ein lånegaranti på 45 millionar kroner til den nye idrettshallen i Volda.
Publisert: 15.02.2018 kl 13:00 - Oppdatert: 15.02.2018 kl 21:28
Formannskapet i Volda held fast på kravet om at det må vere bom i Ørsta også, dersom det skal verte noko av ein felles samferdselspakke. Alternativet er ein eigen Volda-pakke, eller berre bompengar i Voldatunnelen.
Publisert: 14.02.2018 kl 13:00 - Oppdatert: 16.02.2018 kl 16:23
Kulturdepartementet har auka spelemiddel-ramma for den nye idrettshallen i Volda frå kr 16 mill. til kr 19 mill. – Eit veldig sterkt signal om kor viktig prosjektet er for regionen, seier Johnny Kragset i Volda Campus Arena AS.
Publisert: 12.02.2018 kl 16:19 - Oppdatert: 12.02.2018 kl 17:00
Politiet melder om ei trafikkulukke på Eiksund rett før Eiksundtunnelen. Ein person er omkomen.
Publisert: 12.02.2018 kl 13:29
- Eg er lei av alt folkesnakket om at eg hindrar utvikling i Volda og på Øyralandet. Det einaste «gale» eg har gjort er å sette i stand eit bygg som stod til nedfalls, totalrenoverte det og fekk drift i det. I tillegg driv eg næring der sjølv, både fysioterapi og utleige, seier Leidulv...
Publisert: 11.02.2018 kl 13:00
Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal ber fylkesadministrasjonen om å førebu ei sak der takstauken for ferjesambanda Volda-Lauvstad og Årvik-Koparnes vert trekt attende.
Publisert: 09.02.2018 kl 20:06 - Oppdatert: 09.02.2018 kl 20:09
Jon Olav Sandal frå Barstadvik kan bli årets Urørt i P3.
Publisert: 09.02.2018 kl 18:00
Under opninga av Internasjonal dag, nytta prorektor Jens Standal Groven og dei tilsette ved Høgskulen i Volda høvet til å minnast ein kjær kollega. Alle hadde på seg noko lilla til minne om «den fargerike dama», Cecilie Wilhelmsen.
Publisert: 09.02.2018 kl 12:42
Sidan 2006 har butikkane i Volda, no Handelsgruppa i Volda Næringsforum, gjort stas på mor i høve morsdag.