Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 18.04.2018 kl 12:33
Onsdag formiddag melder politiet at dei har gjennomført ein trafikkontroll i Rotsethorntunnelen.
Publisert: 17.04.2018 kl 10:36 - Oppdatert: 17.04.2018 kl 11:05
Tysdag formiddag rykte brannvernet i Volda ut til ein automatisk brannalarm.
Publisert: 16.04.2018 kl 18:00
Tussa har lagt fram årsrekneskapen sin for 2017, og den syner samla driftsinntekter på kr. 811,7 millionar og eit driftsresultat på kr. 131,6 millionar. Resultat før skatt vart 103,5 millionar. Etter skatt vart resultatet 56,8 millionar.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 16.04.2018 kl 12:03
Framstegspartiet i Ørsta og Ulstein meiner dei to kommunane må byrje ei utgreiing om kommunesamanslåing.
Publisert: 15.04.2018 kl 13:00
Roald Espset (FrP) er skuffa over at det offentlege tannhelsetilbodet forsvinn til Ørsta, og over korleis kommunen har handsama saka. – No må vi prøve å berge stumpane, seier han.
Publisert: 14.04.2018 kl 13:00 - Oppdatert: 14.04.2018 kl 18:58
- Vi er ikkje nokon favorittar, for å seie det sånn, seier Gneist-trenar Morten Haugstvedt.
Publisert: 13.04.2018 kl 12:52
Turid Rønning fekk skade på tomta si etter orkanen Dagmar i 2011. Oppryddingsarbeidet vart ikkje varsla om til kommune eller naboar, og Rønning må ut med 23.000 kroner som resultat av dette.
Publisert: 11.04.2018 kl 16:24
Fylkesutvalet i Møre og Romsdal har gjort samrøystes vedtak om at tannhelsetilbodet for Volda og Ørsta skal leggast til den nye vidaregåande skulen som skal byggast i Ørsta.
Publisert: 11.04.2018 kl 12:48
Sølvi Dimmen (Sp) tok opp fleire spørsmål knytt til trafikk og trafikktrygging under førre formannskapsmøte. Ho ville ha svar på kva som skjer med skiltplanen i sentrum og korleis ein kan betre trafikktryggleiken ved Bratteberg skule og langs Vikebygdvegen.
Publisert: 10.04.2018 kl 13:53 - Oppdatert: 10.04.2018 kl 15:09
Politiet melder at det har gått eit skred ved Saudehornet i Ørsta.
Publisert: 10.04.2018 kl 12:40
Tysdag formiddag har politiet gjennomført ein trafikkontroll i elvadalen i Volda sentrum.
Publisert: 04.04.2018 kl 10:35 - Oppdatert: 04.04.2018 kl 10:39
Statens vegvesen har innstilt Norled som vinnar av anbodskonkurransen om ferjedrifta på strekningane Volda-Folkestad og Festøya – Solavågen.
Publisert: 03.04.2018 kl 12:56
Over to helgar har bussjåførar i Nettbuss her i området vorte kursa i korleis dei skal få rullestolar inn og ut av bussane sine. Konklusjonen var at dei elektriske stolane ikkje får plass, medan det går greitt med dei manuelle.
Publisert: 29.03.2018 kl 09:00
Talsmann for «dei unge vaksne på Bjørke», Torbjørn Saure Hoel, seier han forstår dei som er skuffa etter fylkesmannen si tilråding. Men han held fast på sitt syn om at ein må ha moglegheit til å påverke for å skape gode tenester for framtida sine bjørkingar.
Publisert: 28.03.2018 kl 18:00
Hornindal Høgre og Volda Høgre har byrja arbeidet med nominasjon til kommunevalet i Nye Volda neste haust.
Publisert: 28.03.2018 kl 13:00
Under førre møte i heraldikknemnda for Nye Volda kom det forslag om å gjere om på vinnarforslaget til nytt kommunevåpen.
Flyselskapa som nyttar Hovden lufthamn betalte i fjor kr 5 mill. i flypassasjeravgift. Det syner ei undersøking utført av NHO Luftfart. Undersøkinga syner også at det har vore ein nedgang i trafikken ved Hovden etter at avgifta vert innført i 2016.
Publisert: 27.03.2018 kl 14:00
Utrykkingspolitiet skreiv ut ni fartsbøter under ein kontroll i Ørsta tysdag formiddag. Fire andre sjåførar fekk bøter for mobilbruk bak rattet.
Publisert: 27.03.2018 kl 13:02
Møre har tidlegare skrive om gruppa som vil byggje eit aktivitetshus på stadionområdet, som også kan ha rom for ungdomsklubben. No kan Askjell Våge fortelje om eit positivt møte med kommunen.
Publisert: 26.03.2018 kl 14:42
Einar Opsvik forlèt kulturskulen og trer inn i ny stilling som rektor ved Møre Folkehøgskule i Ørsta frå august av.
Publisert: 24.03.2018 kl 07:00 - Oppdatert: 26.03.2018 kl 11:15
Rektor ved Bratteberg skule, Norunn Lindvik Velsvik, er fortvila over trafikksituasjonen rundt skulen og ber Volda kommune sette i gang omgåande tiltak. - Dette har vore tema med jamne mellomrom, og det har vore gitt tydelege signal om svært kritikkverdige forhold. No må det skje noko, før...
Publisert: 23.03.2018 kl 15:46 - Oppdatert: 23.03.2018 kl 16:58
Leiar i Fellesnemnda for Nye Volda kommune, Stig Olav Lødemel, er samd i fylkesmannen sine vurderingar, men er tydeleg på at dette berre er ei tilråding. – Ingenting er avgjort, og det er departementet som har siste ord i saka.
Publisert: 23.03.2018 kl 15:39
Ørsta ordførar Stein Aam (Sp) var saman med partikollega Ola Perry Saure til stades under pressekonferansen, der fylkesmannen rådde til at Bjørke og Viddal skal verte ein del av Nye Volda. Dei er sterkt kritiske til fylkesmannen si vurdering. – Dette er einaste saka der det ikkje er lagt...
Publisert: 23.03.2018 kl 12:18 - Oppdatert: 23.03.2018 kl 15:18
Fylkesmannen i Møre og Romsdal rår til at Bjørke og Viddal vert ein del av Nye Volda kommune frå 2020. No vert det opp til Kommunal- og moderniseringsdepartementet å fatte endeleg avgjerd
Publisert: 22.03.2018 kl 16:03
Torsdag formiddag møttest styringsgruppa for felles samferdselspakke for Volda og Ørsta. Då vart det mellom anna diskutert forslaget om bom i rundkøyringa i Furene.