Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 05.05.2020 kl 13:00
Det blir 1.divisjonsspel for Voldadamene også komande sesong etter at Norges Handballforbund avviste anken deira.
Publisert: 05.05.2020 kl 14:50 - Oppdatert: 05.05.2020 kl 14:54
I 12-tida tysdag vart ein mindre flokk spekkhoggarar observert på veg inn Voldsfjorden.
Publisert: 05.05.2020 kl 07:00
Det har no gått ei veke sidan elevane i 1.–4. trinn fekk kome tilbake til skulebenken, og ved Bratteberg skule har elevane funne seg godt til rette i ein annleis kvardag med nye rutinar. – Det er heilt topp å vere tilbake, synest elevane i 1. klasse.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 05.05.2020 kl 09:30 - Oppdatert: 05.05.2020 kl 09:33
Volda kommune melder at 18 nye personar vart koronatesta i går. Så langt er 355 personar testa i Volda.
Publisert: 05.05.2020 kl 12:35 - Oppdatert: 05.05.2020 kl 12:35
I staden for å feire 10-årsjubileum må Sunnmøre Kammermusikkfestival avlyse årets arrangement på grunn av koronasituasojen.
Publisert: 04.05.2020 kl 18:00
I Laguneparken i Ørsta samla det seg om lag femti personar fredag 1. mai. Varaordførar Karen Høydal (Ap) held appell til folket, der ho peika på at det aldri før har vore viktigare å markere arbeidarane sin dag.
Publisert: 04.05.2020 kl 15:00 - Oppdatert: 04.05.2020 kl 18:40
Ein bilførar har fått bot for manglande bruk av bilbelte under ein kontroll i Engesetvegen.
Publisert: 04.05.2020 kl 14:30 - Oppdatert: 04.05.2020 kl 14:38
Alle prøvene frå onsdag og torsdag i Ørsta kommune har kome tilbake negative. Det vart teke sju prøver onsdag og 11 prøver torsdag.
Publisert: 04.05.2020 kl 13:10 - Oppdatert: 04.05.2020 kl 13:18
Førre torsdag vart 32 personar koronatesta i Volda. Ingen av dei har hittil fått påvist smitte.
Publisert: 04.05.2020 kl 13:00
Volda kommune, Høgskulen og Studentsamskipnaden vidarefører samarbeidsavtalen om helsestasjon for studentar og ungdom i paviljongen ved Øyra skule.
Publisert: 04.05.2020 kl 09:10 - Oppdatert: 04.05.2020 kl 09:11
Bygdepride 2020 vart avlyst som fysisk arrangement. Likevel, det vert arrangement digitalt.
Publisert: 04.05.2020 kl 07:00
Formannskapet i Ørsta vil inngå eit samarbeid med Volda om ei plan for framtidige masseuttak i regionen, både for å stette massebehovet og unngå at ein må frakte masse frå andre stadar.
Publisert: 03.05.2020 kl 18:00
Volda skulekorps skal spele saman med Volda Hornmusikk på 17. mai. Dei skal opptre utanfor sjukehuset og Volda omsorgssenter. Tysdag hadde dei si første øving ute sidan dei måtte leggje ned øvingane på grunn av Koronapandemien.
Publisert: 03.05.2020 kl 13:00
Domstolskommisjonen tilrår ein sentralisert domsstolsstruktur som kan føre til at tingretten i Volda og jordskifteretten i Ørsta vert lagt ned, og at kring 15 statlege arbeidsplassar vert flytta til Ålesund. Ørsta formannskap kjem med motsvar til forslaget.
Publisert: 03.05.2020 kl 08:15 - Oppdatert: 03.05.2020 kl 08:56
Volda: Natt til søndag vart det meldt om brann i eit hus i Småslåtten, der det er registrert ni personar. På tidspunktet brannen braut ut var det åtte i bustadkomplekset med fire leilegheiter, og alle kom seg uskadd ut.
Publisert: 03.05.2020 kl 07:00
Ørsta kommune har fått inn 148 nye søknadar for barnehageplass til hausten, men manglar 25-30 plassar. Kommunen vil nytte omsorgsbustadar ved Hjørundfjordheimen som midlertidig barnehage, men politikarane i formannskapet vil utgreie fleire alternativ.
Publisert: 02.05.2020 kl 22:15 - Oppdatert: 02.05.2020 kl 22:21
Laurdag måtte stien til Rotsethornet frå Kalsethola ryddast grunna lause steinblokker.
Publisert: 02.05.2020 kl 20:00
Seks born og ungdom frå Volda har vore med i ei konkurranse om å lage ei kyrkje på YouTube- kanalen til Gamingpresten. Kyrkja frå Volda hevda seg svært godt og plasserte seg til slutt i toppsjiktet.
Publisert: 02.05.2020 kl 18:00
Ein eldre modell av Steyr 8070 har fått nytt liv etter totaloverhaling i Furene. Traktoren til Per Magne Grebstad står no fram som ny, til og glede for eigaren sin!
Publisert: 02.05.2020 kl 14:05 - Oppdatert: 02.05.2020 kl 22:20
Laurdag vart stien mellom Kalsethola og Rotsethorna stengt. Grunnen er at fire store steinblokker i stien er blitt lause og skal sikrast.
Publisert: 02.05.2020 kl 13:00
Ørsta ungdomsskule går frå 315 i dag til 400 elevar hausten 2022. Formannskapet vedtek å løyve kr. 700.000 til forprosjekt i 2020, for å greie ut ei snarleg utbygging av skulen.
Publisert: 02.05.2020 kl 07:00
Dette spørsmålet kom opp då Ørsta formannskap handsama ei sak om fuktskadar ved Ørsta ungdomsskule. Kommunen må ut med 1,8 millionar kroner for å rette opp i problemet, då forsikringa ikkje dekkjer ei krone.
Publisert: 01.05.2020 kl 20:00
- Eg likar å utforske dei mørke sidene. Leitar ein med «lommelykt» i mørkeret finn ein mykje spennande, seier kunstnar Marius Konrad Vartdal. Koronatida har gitt han inspirasjon til å skape dramatiske bilde.
Publisert: 01.05.2020 kl 18:00
Ein sein start på sesongen og tidleg stenging som følgje av korona har gitt Volda skisenter økonomiske problem.
Publisert: 01.05.2020 kl 15:00
Anne-Lise Fredly er fast kunde hos frisør Hilde Britt Kviebakk. Ho var ein av dei første kundane etter nyopninga med dei nye smittevernreglane. Stamkunden stolar på dei tiltaka salongen har sett i verk.