Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 01.05.2020 kl 13:00
Det nærmar seg: 1. mai startar Stikk UT!-sesongen 2020! I år med heile 436 turmål i 24 av kommunane i Møre og Romsdal. Frå i år er også Sykkylven og Vanylven med, i alt blir det 220 turmål å velje i på Sunnmøre.
Publisert: 01.05.2020 kl 07:00
Natt til 1. mai startar russetida offisielt, men i år vert det ei russetid utanom det vanlege. No håpar russen i Volda og Ørsta på å utsetje den tradisjonsrike feiringa til midten av juni.
Publisert: 01.05.2020 kl 07:36
Ørsta: Politiet måtte ordne opp i fleire forhold natt til 1. mai.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 01.05.2020 kl 08:14
Trond Arne Aglen (49) er tilsett som kommunedirektør i Herøy kommune. Han går frå stillinga som kommunaldirektør i Sande kommune.
Publisert: 01.05.2020 kl 08:00
Arrangørane av Raumarokk 2020 avlyser årets festival på grunn av at det ikkje er mogleg økonomisk å gjennomføre festivalen.
Publisert: 30.04.2020 kl 18:50 - Oppdatert: 30.04.2020 kl 18:52
Ein mann i 20 åra fekk bot for å ha urinert på ein politibil i Ørsta sist helg.
Publisert: 30.04.2020 kl 18:00
VTI Langrenn og Skiskyting ber Volda kommune om refusjon av kostnadane dei har hatt med asfaltering av parkeringsplassen på Reset i 2018.
Publisert: 30.04.2020 kl 16:04
Ordførar Sølvi Dimmen håpar folk tenker smittevern medan dei kosar seg i sola. - Det er greit å samlast i små grupper, men ein må vere bevisste på smittevernreglane.
Publisert: 30.04.2020 kl 15:40
Volda kommune har oppmoda til at fleire testar seg for koronasmitte, og mange har teke kontakt. Berre torsdag har 30 nye personar blitt testa.
Publisert: 30.04.2020 kl 14:45 - Oppdatert: 30.04.2020 kl 14:47
I dag, torsdag, er det teke 11 koronaprøver i Ørsta. Dei 17 prøvene som vart teke måndag og tysdag var negative. Til saman er det teke 238 prøver i Ørsta, men i tida framover kan enda fleire bli testa.
Publisert: 30.04.2020 kl 11:50 - Oppdatert: 30.04.2020 kl 12:51
Torsdag i 11.45-tida køyrde ein bil inn i veggen på Spinneriet i Volda.
Publisert: 30.04.2020 kl 13:50
Volda kommune melder at vegen over Aldalen er opna frå kl. 13 torsdag ettermiddag.
Publisert: 30.04.2020 kl 11:48
Volda kommune melder at til saman 305 personar er testa for koronasmitte i Volda, og det er ikkje registert nye tilfelle.
Publisert: 30.04.2020 kl 13:05 - Oppdatert: 30.04.2020 kl 13:13
Widerøe starta onsdag eit omfattande arbeid med å redusere tal på salbare seter til 50% på alle Widerøes ruteflygingar. Ein må difor rekne med at det vert færre billettar til høgare pris, og mogleg reduserte avgangar, ei tid framover.
Publisert: 30.04.2020 kl 10:33
Både E39 gjennom Volda sentrum og E39 frå Grodås til Kvivstunnelen skal få ny asfalt når Statens vegvesen set i gang årets asfalt-sesong.
Publisert: 30.04.2020 kl 07:00
Trubadur Sigbjørn «Siggen» Follestad gleda bebuarane ved omsorgssenteret og Fjordsyn med utekonsert i sola tysdag. – Endeleg skjer det noko igjen, jubla bebuarane.
Publisert: 29.04.2020 kl 18:00
Ei utsetting av EU sitt nye regelverk for regional statsstøtte kan føre til at næringslivet i «gamle» Hornindal slepp å få auka arbeidsgjevaravgift.
Publisert: 29.04.2020 kl 15:57
I dag, onsdag, er det teke sju koronaprøver i Ørsta. Kommunen ventar svar på den fem prøvene frå i går.
Publisert: 29.04.2020 kl 15:43
Odd Magne Vinjevoll informerte om stoda i næringslivet etter koronautbrotet i formannskapet tysdag. – Situasjonen er dramatisk for fleire. Mange er bekymra for drifta si framover og det er dei små bedriftene som slit mest.
Publisert: 29.04.2020 kl 15:38
Statens vegvesen har inngått kontrakt med arbeidsfellesskapet Dr.techn. Olav Olsen og Norconsult for utvikling av prosjekteringsgrunnlag for tre planlagde brukryssingar over Halsafjorden, Sulafjorden og Vartdalsfjorden.
Publisert: 29.04.2020 kl 13:00 - Oppdatert: 29.04.2020 kl 15:11
Volda Filmteater nyttar korona-tida til oppussing av salongen, og håper folk finn vegen tilbake til kinosalen når restriksjonane lettar.
Publisert: 29.04.2020 kl 12:35 - Oppdatert: 29.04.2020 kl 13:14
Like før kl. 12.30 vart det meldt om ei trafikkulukke i Volda.
Publisert: 28.04.2020 kl 14:48
Kommuneoverlege i Volda, Inger Lise Kaldhol, ønskjer at fleire personar i kommunen som har luftvegssymptom skal teste seg for koronasmitte. – Det er ledig kapasitet.
Publisert: 28.04.2020 kl 07:00
Ein video som er mykje delt i sosiale medium denne helga, viser polititenestemenn som slår etter lokale ungdommar med batong og brukar peparspray.
Publisert: 28.04.2020 kl 13:00
Advokatane på Søre Sunnmøre protesterer på forslaget om at alle domstolane i fylket skal samlast i Ålesund. – Å seie at Volda skal halde fram å vere ein rettsstad utan å seie noko om innhaldet, vert på mange måtar å «sminke liket».