Publisert: 23.01.2020 kl 20:00
Norsk Tipping har kåra Narvesen Ørsta til Årets servicehandel 2019 blant selskapets kommisjonærar. Prisen vart delt ut for kort tid sidan, og blei offentleggjort på Norsk Tippings konferanse for kommisjonærar og handelspartnarar i Oslo tysdag.
Publisert: 23.01.2020 kl 07:00
Kirsten Rørvik gjekk frå å vere alvorleg sjuk til å bli heilt frisk på få dagar. Ho vart behandla for blodforgifting ved Volda sjukehus, og har stor tru på at det var den omdiskuterte C-vitaminkuren som redda henne.
Publisert: 22.01.2020 kl 09:59
32.062 besøkjande gjestar er det tredje høgste gjestetalet sidan 2000, og høgaste besøkstalet Nynorsk kultursentrum har hatt i eit år utan Ulvik poesifestival, som blir arrangert annan kvart år.
Publisert: 22.01.2020 kl 07:00
Ørsta kommune har sett i gong reguleringsarbeidet for nytt flyplasskryss/rundkøyring langs E39 mellom Volda og Ørsta. Avinor er positive til planane.
Publisert: 21.01.2020 kl 07:00
I helga arrangerte Hovdebygda og Ørsta skyttarlag miniatyrstemne med 99 deltakarar. Av desse var heile 25 stykk frå Hovdebygda og Ørsta.
Publisert: 20.01.2020 kl 07:00
Osbrua i Ørsta har ei levetid på 10–12 år og må bytast ut snarleg. No ynskjer Ørsta kommune å etablere ein sambindingsveg frå Mosflata til Mele som kan fungere som alternativ trase og erstatte bygging av dyr interimsbru i byggjetida.
Publisert: 19.01.2020 kl 07:00 - Oppdatert: 20.01.2020 kl 09:28
Sentralkjøkkenet ved Volda omsorgssenter er ferdig ombygd og har starta med kok/server. No kan kokkane servere fersk middag til bebuarane kvar dag. – Endeleg er den nye løysinga på plass og den ser ut til å fungere veldig godt, seier kjøkkensjef Lisbeth Skinnes.
Publisert: 18.01.2020 kl 07:00
Reguleringsarbeidet for nytt trafikksikkert kryss/rundkøyring ved flyplassen på Hovden er i gong. – Flyplasskrysset er farleg. Dette krysset er den største risikoen knytt til å reise med fly frå Volda og Ørsta, seier tidlegare lufthamnsjef Terje Nergård.
Publisert: 17.01.2020 kl 18:00
Då damene på Husfliden i Ålesund fekk høyre at Ivar Svensli skulle brodere bunad flokka dei seg rundt han. Det er ikkje vanleg at menn driv med denne forma for handverk. Den pensjonerte tannlegen, busett i Volda, syr også hardangersaum.
Publisert: 17.01.2020 kl 14:41
I den større studien som vart lagt fram i Belfast fredag kjem det fram at den omdiskuterte C-vitaminkuren mot dødeleg blodforgifting ikkje verkar. Overlege Eivind Vinjevoll meiner studien ikkje er reell, og vil halde fram med behandlinga.
Publisert: 17.01.2020 kl 07:00
Musikk i sentrum ynskjer å etablere ein ny samlingsstad med kulturscene, aktivitetar og servering ved småbåthamna i Ørsta. Samfunnsutvalet stilte seg før jul positive til planane. No søkjer Musikk i sentrum dispensasjon om å etablere ei utescene.
Publisert: 16.01.2020 kl 07:00
- Arbeidet går som det susar. Terrengentreprenøren AS med Glenn Hjorthol Johnsen ved roret har no grove 250-300 meter. Store deler av dette er så å seie ferdig utforma, seier Børre Lunde i Bratt sykkelklubb.
Publisert: 15.01.2020 kl 07:00
Ørsta og Volda Ballettskule hadde laurdag øvingsdag fram mot framsyning av «Nøtteknekkeren» på Operahuset på Nordfjordeid.
Publisert: 14.01.2020 kl 07:00 - Oppdatert: 06.06.2021 kl 08:12
Laurdag vart den nye treningsveggen i Ørstahallen opna, og det med storstilt besøk av Magnus Midtbø.
Publisert: 13.01.2020 kl 10:08
Ørstakvinna Tine Brungot er tømmerkøyrar og hentar tømmer ulike stader på Sunnmøre med ein 24 meter lang trailer. I tillegg til dette eig ho tre hestar som ho likar å styre med.
Publisert: 13.01.2020 kl 07:00
Sorteringsanlegga får inn meir papp og papir enn dei klarer å absorbere. I tillegg har kvaliteten på pappen blitt dårlegare. Dette har ført til at reinhaldsverka må betale for å levere papp og papir, og det kan bety høgare kostnadar for abonnentane.
Publisert: 12.01.2020 kl 07:00
Svein-Arne Vik har bytta ut buss med fly, og ser fram til sitt fyrste år som lufthamnsjef ved Ørsta/Volda lufthamn. Det er mange spennande planar på gong ved flyplassen i Hovdebygda.
Publisert: 11.01.2020 kl 07:00
Gjennom Nærings- og kultursoga for Ørsta kommune har Gunnar Ellingsen foreviga Ørsta si historie. For det viktige arbeidet har han fått Sparebank 1 Søre Sunnmøre sin ærespris og Sparebanken ynskjer no å bidra til tredje band i bygdebokserien.
Publisert: 10.01.2020 kl 07:00
Volda og Hornindal har blitt éi kommune og det vert feira med stor festkonsert i Propellhallen. Målet er å samle og knyte dei to kommunane saman med song og musikk – og konserten er open for alle.
Publisert: 09.01.2020 kl 07:00 - Oppdatert: 09.01.2020 kl 19:52
Volda sjukehus er nesten heilt aleine i Noreg om å bruke ein omstridt behandlingsmetode mot blodforgifting. Den kan redde tusenvis av liv årleg. – Eg har fått mange positive reaksjonar, seier overlege Eivind Vinjevoll til TV 2. Neste veke kan ein stor rapport avdekkje om behandlinga faktisk ...
Publisert: 08.01.2020 kl 07:00
Til no har Hovden Flyservice vore arbeidsgjevaren til dei som jobbar i Widerøe-uniform ved Ørsta/Volda lufthamn. 1. januar tek Widerøe Ground Handling over ansvaret for dei tilsette, og driftar stasjonen sjølv.
Publisert: 07.01.2020 kl 07:00
Tusenvis av nordmenn dør kvart år av kritisk blodforgifting. Men i Volda har legane teke i bruk ei enkel C-vitaminblanding - som i nesten alle tilfella ser ut til å redde pasientane sitt liv. TV2-programmet «Vårt lille land» får kome på innsida av Volda sjukehus i ei spesialutgåve tysdag.
Publisert: 27.12.2019 kl 10:00
Voldajenta Ingvild Berge Conradsen (20 år) skal feire jul heimanfrå for første gong. Ho er eittåring på KFUK-hjemmet i London dette året.
Publisert: 26.12.2019 kl 16:00
-Eg er oppvaksen på ein liten gard på Årset i Austefjorden. Som alle andre med slik oppvekst, var eg som nest eldste dottera tidleg van med å arbeide både inne, ute og på sætra. Skulearbeidet gjekk som ein leik og eg likte rekning mest av alt. Mor sa: «Det er sørgjeleg at me ikkje har råd ...
Publisert: 25.12.2019 kl 16:00
Tradisjonen med å lage Kling går frå generasjon til generasjon i familien Finnes. I november samla kvinnene i slekta seg heime hos Margunn Finnes Skjåstad for å bake denne lefsesorten. Ho som førte tradisjonen inn i slekta, Berta Ølnes Finnes (86 år) frå Sogndal, var på plass.